Melshornet på Hareidlandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melshornet på Hareidlandet
Foto: Andreas Vartdal

Melshornet er eit fjell (668 moh) i Hareid kommuneSunnmøre. Fjellet er det nest høgaste fjellet i Hareid, og det tredje høgaste fjellet på Hareidlandet. Berre Blåtinden i Ulstein og Kongsvollen, som er grensefjell mellom Ulstein og Hareid er høgare, med høvesvis 697 moh og 683 moh. Melshornet er eit svært populært turmål då det er lett tilgjengeleg.