Melvilleøya i Canada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melvilleøya
øy
Land  Canada
Del av Det kanadiske polararkipelet
Areal 42 149 km²
Folketal 0
Kart
Melvilleøya i Canada
75°30′ N 111°30′ W
Wikimedia Commons: Melville Island
Kart over Melvilleøya

Melvilleøya er ei av Elisabetøyane i det nordlege Canada. Ho har ei flatevidd på 42 149 km2, og er delt mellom Nordvestterritoriet (i vest) og Nunavut-territoriet (i aust). Fjella på Melvilleøya er av dei høgste i det vestlege, arktiske Canada. Det høgste er 776 m. Øya er folketom.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Natur[endre | endre wikiteksten]

Melvilleøya har lite eller ingen vegetasjon. På stader med samanhengande plantevekst er det vanlegvis tuer av mosar, lav, grasartar og starr. Den einaste tresorten, dvergpiletreet, veks som ei samanfletta matte krypande langs bakken. Faunaen består av fremst moskusokse, karibu, lemen og røyskatt. Isbjørn, ulv, polarrev og polarhare er meir sjeldne. Observasjonar i 2003 av ein grizzlybjørn og spor av grizzlybjørn rapportert av ein ekspedisjon frå University of Alberta, er det nordlegaste funn av grizzlybjørn som nokon gong er registrert.

Melvilleøya er ein av to støre yngleplassar for ei lita gås, arktisk ringgås (Grey-bellied Brent Goose). DNA-analysar og feltobservasjonar tyder på at desse fuglane er ein særskilt art av ringgås. I eit tal på berre 4000-8000 fuglar, kan det vere ei av de sjeldnaste gåsestammane i heile verda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Melvilleøya vart vitja første gong av den britiske oppdagaren William Parry i 1819. Ekspedisjonen han leia vart tvinga, då skipa fraus inne, til å overvintre på det som no vert kalla Winter Harbour fram til 1. august 1820. Øya er oppkalla etter ein adelsmann som på den tid (1820) var sjef for den britiske marinen.

Øya er i søkelyset for det som kan vere reservoar av naturgass. Den første kjelda som vart undersøkt på dei arktiske øyane i Canada ligg i Winter Harbour. I 1961 vart det bora ned til lag frå yngre paleozoikum (3283 m). På 1970-talet vart det påvist eit større gassfelt nord på øya. Feltet ligg på austsida av Sabinehalvøya og er kjent som Drake Point.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]