Melvyn Gale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Melvyn Gale
Fødd15. januar 1952 (72 år)
FødestadLondon
FødenamnMelvyn Gale
OpphavLondon
SjangerRock
InstrumentCello
Klaverinstrument
Tilknytte artistarElectric Light Orchestra
Wilson Gale and Co
PlateselskapJet Records
Verka somMusikar

Melvyn Gale (fødd 15. januar 1952)[1]) er ein engelsk cellist.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Gale studerte ved Royal Academy of Music og Guildhall School of Music and Drama. Han heldt den første profesjonelle konserten sin med London Palladium Orchestra i 1970.[2] Han spelte òg med ballettkompania Bolshoi og Rambert, London Youth Symphony Orchestra, og forskjellige West End-show.

Han var cellist for Electric Light Orchestra frå 1975 då han erstatta Mike Edwards. Han var òg ein dugande pianist og spelte piano på «Wild West Hero» og stundom «Roll Over Beethoven» på konsertane deira.[3]

I 1979 var han med i musikkvideoen til Discovery og spelte i lag med den resten av klassisk besetninga til ELO (Mik Kaminski på fiolin og Hugh McDowell på cello) for sisge gongen. Han vart verande med gruppa fram til Jeff Lynne fjerna strykarane frå besetninga.

Gale og venen Frank Wilson bygde ei platestudio i 1979. Den 12. april 1980 gav dei ut det første albumet sitt, under Wilson Gale & Co. kalla Gift Wrapped Set.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Face-the-music.de
  2. Martin Kinch (December 2009). «THE MELVYN GALE INTERVIEW». Cherry Blossom Clinic. Arkivert frå originalen 8. mars 2012. Henta 11 April 2012. 
  3. «Melvyn Gale Cello». Face the Music. Henta 11 April 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]