Memo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Memo
TypeVekesvist nyhendemagasin
Første trykk16. mars 2006
Siste trykk21. september 2006
Nedlagd21. september 2006
MålformBokmål
EigarskapMagasinforlaget (Avishuset Dagbladet)
Ansvarleg redaktørKristine Moody  (2006)
Nettstad--

MEMO var eit vekesvist nyhende- og aktualitetsmagasin som vart gjeve ut på Magasinforlaget, ein del av Avishuset Dagbladet. Magasinet vart publisert i seks månader frå 16. mars 2006, til det vart lagt ned med umiddelbar verknad 21. september same året. MEMO nr. 24 kom i butikkhyllene på nedleggingsdagen. Magasinet si første utgåve kom ei veke etter at den første utgåva av det relanserte Ny Tid kom ut i magasin-utgåve.

Kristine Moody var redaktør i magasinet frå oppstarten og fram til to veker før det vart lagt ned. Ho viste då til familiære årsaker til avgangen, medan media spekulerte i at tilsette i magasinet hadde pressa ho til å gå av. I ettertid vart desse påstandane òg avviste av tillitsvalde.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Omstridt[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha nytta eit bilete av Ahmad Youssef El Youssef saman med overskrifta «- Frykter sosial bombe» på framsida, vart MEMO allereie med første nummeret (16. mars 2006) dømt for brot på god presseskikk i Pressens Faglige Utvalg (PFU). Dommen vart avvist av redaktør Moody.

I utgåve nr. 11 (xx.xxx 2006) vart det påstått i MEMO at vinnaren av TV2 sitt gründer-program «Skaperen», Ellen Kathrine Lie hadde vunne med ei oppfinning som eksisterte frå før. På klage frå Lie ville ikkje redaktøren dementere eller orsake påstanden. MEMO fekk medhald i PFU den 21. november 2006, men vart kritisert for å ha gått for langt i karakteristikken av Lie og oppfinninga hennar.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Med utgåve nummer 24 hadde Dagbladet til saman tapt 25 millionar kroner på magasin-prosjektet, eller om lag ein million pr. utgåve. Nedleggingsavgjerda kom som følgje av at styret vart spurde om å investere ti nye millionar i magasinet for å oppretthalde drifta, noko dei ikkje gjorde.

Memo hadde 13 faste tilsette og to prosjektmedarbeidarar på nedleggingstidspunktet. Nokre av desse meinte seg førte bak lyset fordi Avishuset Dagbladet hadde gjeve uttrykk for at Memo var ei langsiktig satsing. Det lukkast ikkje desse å skaffe nye eigarar til verksemda.

Avishuset Dagbladet vart kritiserte for å ha alt for høge forventingar til marknaden for vekesvise nyhendemagasin i Noreg. MEMO vart lansert av med målsetnad om eit vekesvist opplag på 30 000, men hadde eit opplag på om lag 5 000 på dei siste utgåvene.

Frå byrjinga av vart magasinet distribuert til 4 500 utsalsstader gjennom Interpress.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]