Memories are Made of This

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Memories Are Made of This
Singel av Dean Martin
B-side

«Change of Heart»

Utgjeve 1955
Sjanger Tradisjonell pop
Lengd 2:15
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Terry Gilkyson, Richard Dehr & Frank Miller

«Memories Are Made of This» er ein amerikansk popsong skriven av Terry Gilkyson, Richard Dehr og Frank Miller i 1955.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først gjeven ut av Mindy Carson med Ray Conniff's Orchestra and The Columbians.[2] Carson sin versjon nådde 53. plassen på Billboard si Topp 100-liste.[3]

Den mest popuære versjonen av songen vart spelt inn av Dean Martin i 1955.[4] Han vart akkompagnert av The Easy Riders (som bestod av Gilkyson, Dehr og Miller), låtskrivarane.[4]B-sida til singelen var «Change of Heart» skriven av John Rox.

Versjonen til Martin låg fem veker på toppen av Billboard-lista i 1956, og seks veker på toppen av Billboard-lista «Most Played by Jockeys», fem veker på toppen av «Best Sellers in Stores»-lista og fire veker på toppen av «Most Played in Juke Boxes»-lista.[5] Singelen selde til gullplate og vart den største hitten til Martin. Det var den einaste songen hans som gjekk til topps på den britiske singellista, då han toppa New Musical Express-lista 23. februar 1956,[6] og vart verande på toppen i fire veker.[7] Songen nådde òg andreplassen i Nederland[8] og 20. plassen i Flandern.[9]

Gale Storm gav ut ein versjon av songen seint i 1955, som nådde 5. plassen på Billboard si «Most Played by Jockeys»-liste, og 16. plassen på «Topp 100».[10]

Etter den ungarske revolusjonen i 1956 vart songen omsett og kalla «Honvágy-dal» (Heimlengselssongen) og nytta som uoffisiell hymne for flyktningar verda over. Han vart spelt inn av Ida Boros, og vart eit kulturfenomen og eit protestteikn mot kommuniststyret.

Songen gjekk inn på lista ein gong til, i 1966 med The Drifters, då dei nådde 48. plassen. Songen vart spelt inn av Anne Murray for albumet Croonin' i 1993.

Ein tysk versjon av songen heiter «Heimweh» og vart framført av Freddy Quinn med tekst av Ernst Bader og Dieter Rasch. Denne versjonen låg 14 veker på toppen av den tyske singellista og vart den mest suksessrike songen i 1956.[11] Verda over selde han meir enn åtte millionar eksemplar, meir enn versjonen til Dean Martin gjorde.[12]

Deana Martin, dotter til Dean Martin, spelte inn «Memories Are Made Of This» i 2006 og gav han ut på debutalbumet Memories Are Made of This (Big Fish Records).

Andre kjende innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Tyske versjonar:

Ungarske versjonar

  • Ilona Hollós, 1957
  • Bojtorján 1984

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 23. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. «Memories Are Made Of This». Bigfm.de. Arkivert frå originalen 22. desember 2015. Henta 5. november 2015. 
  3. «The Top 100», Billboard, February 4, 1956. p. 40. Henta 21. juli 2017.
  4. 4,0 4,1 Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of Number One Hits. Billboard Books. p. 6. Henta 21. juli 2017.
  5. Whitburn, Joel (1987). The Billboard Book of Top 40 Hits. Billboard Publications, Inc. p. 195.
  6. Dean Martin - Full Official Chart History, Official Charts Company. Henta 21. juli 2017.
  7. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 55–6. ISBN 1-904994-10-5. 
  8. Dean Martin - Memories Are Made of This, Dutch Charts. Henta 21. juli 2017.
  9. Dean Martin - Memories Are Made of This, Ultratop. Henta 21. juli 2017.
  10. Whitburn, Joel (1987). The Billboard Book of Top 40 Hits. Billboard Publications, Inc. p. 292.
  11. «Charts-Surfer: Musik Nr.1-Hits». Charts-surfer.de. Henta 21. juli 2017. 
  12. Catherine C. Fraser/Dirk O. Hoffmann: Pop Culture Germany: Media, Arts And Lifestile, 2006, p. 262

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]