Menaisundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 53°10′N 4°15′W

Menaisundet
sund
Menai Suspension Bridge Dec 09.JPG
Land Flag of Wales (1959–present).svg Wales

Menaisundet
53°10′50″ N 4°13′0″ W
Wikimedia Commons: Menai Strait

Menaisundet (engelsk Menai Strait, walisisk Afon Menai) er eit sund som skil øya Anglesey (Ynys Môn) frå fastlandet i Wales. Det er kjent for sterke straumar skapt av tidvassdifferensialet på begge sider av sundet. Namnet «Menai» kjem frå walisisk main-aw eller main-wy, som tyder 'trongt vatn'.[1]

Sundet er kryssa av to bruer som i si tid var svært avanserte konstruksjonar. Menai Suspension Bridge blei bygd som ein del vegsambandet mellom London og Holyhead, den næraste hamna for overfart til Dublin. Ho er ei hengebru som blei utforma av Thomas Telford og innvigd i 1826. Britannia Bridge blei bygd som ei jernbanebru av Robert Stephenson og innvigd i 1850. Etter ein brann i 1970 blei ho erstatta av ei kombinert landevegs- og jernbanebru på fundamenta til den gamla brua.

Sundet blei danna som følgje av isbreerosjon av berggrunnen langs ei svakheitslinje knytt til Menai Strait Fault System. I løpet av ei rad glasieringsperiodar i pleistocen flytta ei rekke brear frå nordaust til sørvest over Anglesey og naboområdet Arfon. Dei skura den underliggande berggrunnen og danna ei rekkje lineære utskjeringar i berget over heile regionen. Den djupaste av desse blei oversvømma av havet då havnivåa i verda steig på slutten av siste istid, ca. 10 000 f.Kr.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Menaisundet måla i 1860

I følgje Heimskringla dreiv den norrøn-gæliske herskaren Echmarcach mac Ragnaill plyndring i Wales på 1000-talet saman med vennen sin, vikingen Guttorm Gunnhildsson. Dei kom i krangel om byttet og kjempa eit slag ved Menaisundet. Guttorm vann slaget ved å be til Heilag-Olav, og Echmarcach blei drepen.

På 1100-talet blir det fortald om eit seinare vikingåtak og slag i Menaisundet i Orkneyingasoga som ei viktig hending i livet til Magnus Erlendsson, som var jarl av Orknøyane og ein framtidig helgen. Han hadde eit rykte for å vera from og mild. Han nekta å kjempa i raidet på Anglesey, og blei verande om bord på skipet sitt og song salmar. Denne hendinga er skildra i lang tid i romanen Magnus frå 1973 av George Mackay Brown, og i ein opera frå 1977, The Martyrdom of St Magnus av Peter Maxwell Davies, der den første av dei ni delane av operaen heiter «The Battle of Menai Strait», 'Slaget ved Menaisundet'.

Abermenai ved sørenden av sundet var ei viktig hamn i mellomalderen, og er nemnd fleire gonger i livssoga om Gruffudd ap Cynan frå 1100-talet.[2] Her blir det fortald at han gav kona si Angharad ferch Owain inntektene frå hamna her på dødsleiet.[3] Dei blei seinare gjevne til Eleanor av Castila, dronninga til Edvard I, på 1200-talet og til Isabella, dronninga til Edvard II på 1300-talet.[4][5]

Frå 1890-talet til 1963 ville lystdamparar frå Liverpool and North Wales Steamship Company segla hovudruta si frå Liverpool og Llandudno langs Menaisundet og rundt Anglesey. Etter den frivillige avviklinga til selskapet i 1962 overtok P and A Campbell drifta for ei tid. No utfører MV «Balmoral» ei liknande teneste i to veker om sommaren kvart år.

Tidvasseffekter[endre | endre wikiteksten]

Ynys Gored Goch ved springflo.
Gammal fiskefelle ved Menaisundet.

Tidvasseffektane observert langs breidda av sundet kan vera forvirrande. Eit stigande tidvatn kjem frå sørvest, noko som får vatnet i sundet til å strøyma nordaustover når nivået stig. Tidvatnet flyt òg rundt Anglesey til det etter nokre timar byrjar å strøyma inn i sundet i sørvestleg retning frå Beaumaris. Når dette skjer, blir tidvasstraumen frå Caernarfon-enden svekt. Tidvatnet fortset å stiga i høgda, men tidvasstraumen er reversert. Ein kan sjå ein liknande sekvens i revers når tidvatnet går ned. Dette betyr at det er ein tendens for slakt vatn til å oppstå mellom bruene omtrent ein time før høgvatn eller lågvatn.

Teoretisk er det mogleg å kryssa sundet i Swellies ved lågvatn i samband med springflo, då djupna kan falla til mindre enn 0,5 meter (1,6 ft). Men på denne tida går ein sterk straum på rundt 4,8 knot (8,9 km/h), noko som gjer overfarten særs vanskeleg. Andre stader i sundet er minimumsdjupna aldri mindre enn 2 meter (6,6 ft) til ein når dei store sandflatene ved Lavan Sands forbi Bangor.

Tidvatnet fraktar med seg store mengder fisk, og ein har bygd fiskefeller på begge breiddene og på fleire av øyane av sundet, som har vore ei viktig fiskekjelde i mange hundreår. Åtte av dei mange fiskefellene ved Menaisundet er no verna monument.[6]

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Sørenden av Menaisundet

Marin[endre | endre wikiteksten]

Fordi sundet har så uvanlege tidvassforhold, kombinert med svært låge bølgjehøgder på grunn av den skjerma posisjonen sin, har det ein unik og mangfaldig botnfisk-økologi.

Djupna på sundet er opptil 15 meter (49 ft) nokre stader, og straumen kan overstiga 7 knot (13 km/h). Det er svært rikt på svampar.

Den unike økologien var ein viktig faktor i etableringa av Bangor Universitys School of Ocean Sciences ved Menai Bridge, og for statusen til sundet som eit special area of conservation with marine components.[7]

Land[endre | endre wikiteksten]

Den same unike økologien og geomorfologien har også ført til at fleire stader ved sundet er utnemnde til SSSI, mellom dei Glannau Porthaethwy, eføy-, eik- og askeskogen på den sørlege breidda (Coedydd Afon Menai) og Lavan Sands (walisisk Traeth Lafan).[8] Breidda av Menaisundet er heimen til det kritisk truga treslaget Menai whitebeam. Planten er ein ekstremt sjeldan art i asalslekta som berre finst i denne delen av Nord-Wales.[9]

Mykje av landet på Anglesey i den austlege enden av sundet er utpeika som eit area of outstanding natural beauty, AONB.[10]

Øyar i sundet[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Morgan, Thomas (1887). Handbook of the origin of place-names in Wales and Monmouthshire. H.V. Southey, "Express" Office. 
  2. Stephen, Graham (22. november 2011), «Abermenai Point», GeoTopoi (på engelsk), henta 13. juni 2022 
  3. «ANGHARAD (died 1162). | Dictionary of Welsh Biography», biography.wales, henta 13. juni 2022 
  4. «Abermenai Point». GeoTopoi. WordPress. 2014. Henta 23. november 2014. 
  5. «The Menai Straits, 2000 years of history». Abermenai. Gwynedd Archaeological Trust. 2014. Arkivert frå originalen 2016-03-04. Henta 21. november 2014. 
  6. Aberlleiniog/Trecastell: Key historic landscape features and processes Arkivert 2016-08-06 ved Wayback Machine. www.heneb.co.uk, Gwynedd Archaeological Trust.
  7. John Shaw MP (5 December 2007). «Seas and Oceans: environmental protection». Hansard. 
  8. «Sites of Special Scientific Interest (SSSI)». Natural Resources Wales. Henta 18. november 2017. 
  9. «Menai Strait Whitebeam Project». www.fossilplants.co.uk. Henta 19. september 2021. 
  10. «Map of Anglesey AONB». Isle of Anglesey Council. 2008. Henta 18. november 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Menaisundet