Mendelejevryggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Batymetrisk/topografisk kart over Nordishavet og områda rundt

Mendelejevryggen (russisk Хребет Менделеева - Khrebet Mendelejeva) er ein brei midthavsrygg i Nordishavet frå Aust-Sibir-havet ved Den sibirske sokkelen til sentrale området av havet. Han er knytt til Alfaryggen i Det amerasiatiske bassenget.[1] Han er kalla opp etter Dmitrij Mendelejev. Ryggen vart oppdaga i 1948 av ekspedisjonar frå Sovjetunionen. Namnet vart godkjend av kommiteen for geografiske namn og nomenklatur for havbotn (SCGN, i dag SCUFN) i april 1987.[2]

Mendelejevryggen er medverkande til det Russland sitt krav på Nordpolen[3] Området som vert lagt krav på av Russland dekkjer ein stor del av Nordishavet, inkludert Nordpolen.[4] Eit av argumenta er at Mendelejevryggen og Lomonsovryggen er fortsetjinga ar kontinentet Eurasia. I 2002 verken avslo eller godtok SN-kommisjonen det russiske kravet, men tilrådde vidare undersøkingar.[3]

Opphavet til ryggen er framleis usikkert på grunn av lite data og at det er uklårt om det er ein del av kontinentet eller havbotn og om opphavet er knytt til Alfaryggen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]