Mendoza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Midtbyen i Mendoza

Mendoza er ein by i Mendoza-provinsen i Argentina. Byen, som er hovudstad i provinsen, ligg nokså nær midt i provinsen på ei høgslette 747 meter over havet, med utsyn mot Andesfjella i vest. Sjølve byen hadde 115 041 ibuarar i 2010, men Mendoza er sentrum i eit storbyområde som omfatta 1,06 millionar menneske. Stor-Mendoza er såleis den fjerde største metropolen i Argentina.

Mendoza ligg midt i eit område med stor produksjon av olivenolje og vin.

Flesteparten av ibuarane er etterkommarar av spanjolar, italienarar og arabarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]