Menes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
<2
M17 Y5
N35
1>
«Menes» med
hieroglyfar

Menes (3000-talet f.Kr.) er ifølge fleire overleveringar den første kongen, og dermed farao, over heile Det gamle Egypt. Han skal ha samla Øvre og Nedre Egypt til eitt rike og danna det første dynastiet. Han er også kjend som Meni og Min.

Fleire gamle egyptiske soger fortel at Menes var den første menneskeleg herskaren av Egypt, ein direkte arvtakar etter guden Horus. Ifølgje historieskrivaren Manetho (ca. 280 f.Kr.) regjerte han i 62 år, grunnla hovudstaden Memfis og døydde etter eit flodheståtak. Menes er også nemnd av Herodot. Det finst derimot få handfaste spor etter han, og Menes kan ha vore den same som eller ettefølgaren til Narmer. Han kan også ha vore føregjengaren eller den same som Hor-Aha.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]