Menga Schjelderup-Ebbe
| Menga Schjelderup-Ebbe | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 16. januar 1871 Christiania |
| Død |
8. mars 1945 (74 år) |
| Yrke | bilethoggar |
| Far | Thorleif Schjelderup |
| Ektefelle | Axel Ebbe |
| Born | Thorleif Schjelderup-Ebbe |
| Menga Schjelderup-Ebbe på Commons | |
Menga Jacobine Schjelderup-Ebbe (16. januar 1871–8. mars 1945) var ein norsk bilethoggar. Ho vart teken opp på Haustutstillinga allereie som 17-åring og deltok seinare på fleire utstillingar både nasjonalt og internasjonalt. Ifølgje samtidas aviser hadde ho ein ganske stor og mangfaldig produksjon, men det finst svært få arbeid av henne i offentlege samlingar.
Familie
[endre | endre wikiteksten]Menga Jacobine Schjelderup vart fødd i Christiania som dotter av konsul og kjøpmann Thorleif Schjelderup (1822–1883) og kona hans Frederikke Marie Schjelderup (fødd Caspary) (1832–1897).[1] Ho hadde fleire sysken, mellom anna Thorleif Frederik Schjelderup, som vart jurist og forretningsmann som vaksen.
I 1892 gifta ho seg med den svenske bilethoggaren Axel Ebbe (1868–1941). Dei fekk sonen Thorleif Schjelderup-Ebbe (1894–1976) saman. Ekteskapet vart de facto oppløyst ved separasjon allereie i 1894, men skilsmissa vart ikkje formelt gjennomført før i 1898.[2]
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Schjelderup-Ebbe fekk ei grundig kunstutdanning, med studium både i Noreg og utlandet. I perioden 1887–1888 var ho elev hos bilethoggaren Mathias Skeibrok i Christiania, og i 1888 var ho elev ved Den kongelige Tegne- og Kunstskole, vanlegvis kalla Tegneskulen. Seinare studerte ho under bilethoggarar både i Skandinavia og Paris: Ho studerte med professor Stephan Sinding og professor August Saabye i København, professor Johan Börjeson i Stockholm og Henri Chapu og Jean-Antoine Injalbert i Paris.[3] Ho hadde òg eit utanlandsopphald i Italia i 1901–1902.[4]
Kunst
[endre | endre wikiteksten]

Menga Schjelderup-Ebbe var ein av svært få kvinnelege bilethoggarar i Noreg på 1800-talet. I Norges kulturhistorie (1983) er det, i tillegg til henne, berre seks kvinner som er nemnde i verka frå 1870 og utover: Johanna Sinding[5], Ambrosia Tønnesen, Jeanette Johnsen, Augusta Finne, Elise Brandes og Aagot Vangen.[6] I tillegg er Anna Diriks nemnd i oversiktsverket til Jens Thiis Norske malere og billedhuggere (1907).[7]
Dei fleste yrkeskunstnarane i Noreg på denne tida var menn. Det var fleire hinder for ei kvinne som ville bli kunstnar, mellom anna var kunstakademia gjerne for menn, og kjønnsrollene gjorde det vanskeleg for gifte kvinner å arbeide som kunstnarar. Likevel er det kjent at rundt 50–60 norske kvinner valde kunstnaryrket i siste halvdel av 1800-talet. Nokre av dei vart kjende målarar, som Harriet Backer, Kitty Kielland, Signe Scheel og Oda Krohg.[6]
Menga Schjelderup, som ho då heitte, debuterte på Haustutstillinga i 1888 med to studiar, mellom anna ein portrettbyste av kunstnarkollega Jo Visdal. Ifølgje Bergens Tidende var bysten «ganske lig, men mangler Liv»,[8] medan Aftenposten meinte at blant nykomarane var hennar arbeid blant dei betre.[9]
I 1890-åra kom nyromantikken inn i kunsten, som eit brot med naturalismen. Kunstnarane gjekk frå å skildre den ytre røyndomen til å uttrykkje den subjektive opplevinga av idéen og det indre livet til tinga. Nyromantikken var først og fremst ein stil innan måleriet, men påverka òg skulpturen. Bilethoggarane byrja å bruke litterære symbol og målarmessige verkemiddel, og fleire norske kunstnarar, som Gustav Vigeland, vart påverka av Auguste Rodin. Stephan Sinding fekk òg stor tyding i Noreg som ein representant for den litterære nyromantikken. Glenny Alfsen omtalar i Norsk kunstnerleksikon verka til Schjelderup-Ebbe som romantisk-klassisistiske.[4] Ho var òg ein karakteristisk representant for «den sindingske litterære symbolisme», særleg i sitt mest kjende verk, Papillon (‘Sommarfugl’).[10] Bilete av bysten hennar Sibylle frå 1904 viser at ho etter kvart verka i ei tid då art nouveau hadde fått innpass i Noreg.[11]
I 1904 viste ho at ho òg hadde ei humoristisk side, då ho stilte ut studien God Morgen hos Blomqvist i Oslo: «Det er en morsom Silenfigur, hvor det karikeret overdrevne i den mægtige Overkrop virkningsfuldt fremhæver det karakteristiske ved Figuren.»[12]
I dåtidas aviser er fleire av skulpturane hennar nemnde, blant anna i samband med Haustutstillingane, uten bilete, sjeldan med vurderingar, men med titlane på skulpturane, som ofte viser til mytar og allegoriar. Nokre av skulpturane var, ifølgje avisene, lekamsstore, men ho laga også statuettar og andre gjenstandar, som ein grotesk vase, som blei nemnd i Morgenbladet i 1905:
«Billedhuggerinden Fru Menga Schjelderup-Ebbe som bor i en Villa på Voxenaasen, har nylig fuldført nogle Arbeider, der skal udstilles til Høsten, meddeles der os. Det ene er en Buste, «Epikuræer», som naturalistisk giver Typen, og danner en god Maalestok for Fruens Talent. En liden Gruppe heder «Legekamerater», – en nøgen Kvinde, som leger med et Par Slanger. Og saa har Kunstnerinden modelleret en smuk Vase, hvis Aabning er modelleret som et satyrlignende Ansigt med troldske Øren. En Gruppe, «Fortabt», viser en nøgen Kvinde, i hvis Hjerte et Fugleuhyre hakker.»[13]
I 1920 var Nanna With redaktør for eit bokverk kalla Illustrert biografisk leksikon over kjendte norske mænd og kvinder. Personane som er nemnde i boka var blitt inviterte til å sende inn ei skildring av seg sjølv. Her greidde Menga Schjelderup-Ebbe blant anna ut om utdanninga og den kunstnariske inspirasjonen in, og om den manglande produktiviteten sin som kunstnar:
«Jeg er hemmet i min produktion paa grund av daarlig helbred, især i de senere aar. Den antikke græske kunst har bestandig ligget mig nærmest; dessuten har min kunstneriske smak som regel foretrukket motiver fra det fantastiske og eventyrlige.»[14]
«Papillon»
[endre | endre wikiteksten]
I 1892–1893 modellerte ho skulpturen Papillon (‘Sommarfugl’) i leire. Skulpturen er òg omtala som «Papillon de Nuit»[15] (‘Nattsommarfugl’). Seniorkurator Ellen J. Lerberg ved Nasjonalmuseet omtalar han som «En av de underligste skulpturene i norsk kunsthistorie». Skulpturen viser ein kvinneskikkelse i full storleik med små venger, plassert i ein ballettposisjon kalla «le grand ecart» (fransk for spagat). Skulpturen er 95 cm høg og veg 520 kg. Dette blir rekna som hovudverket til Schjelderup-Ebbe.[10][16]
Schjelderup-Ebbe stilte ut Papillon i gips på Parissalongen i 1893,[17] Det var ofte kvinneskikkelsar med vengar å sjå blant skulpturane på dei årlege salongane.[18]
Kunsthistorikaren Holger Koefoed omtalar skulpturen i boka si Eros i norsk kunst, og har tankar om at Schjelderup-Ebbe forsøker å seie noko om situasjonen til kvinna gjennom denne skulpturen:
«Hun […] ser ut til å ville heve seg opp, armene og hendene skyver fra, overkroppen og hodet er hevet. Underliv og bein ser ut til å være forankret til jorden – plinten er formet som ruglete stein med et bladornament bak. Var det det kjønnslige som knyttet henne til jorden? Mens overkroppen, ånden, vil oppad blant annet ved hjelp av vingene (de er små riktignok!). Forsøker hun å fortelle noe om kvinnens spaltede natur? Hun vil jo være mer enn en deilig sommerfugl for menns blikk. Hun vil opp i det fri. Det virker ikke som det er frykten for å fly som gjør at hun ikke letter, men tyngdekraften liksom holder underkroppen klistret til jorden. Viljen var der til å sprenge naturens grenser, men målet virket for optimistisk.»[18]
I 1894 vart Papillon hoggen i marmor,[19] i samband med at han skulle stillast ut på verdsutstillinga i Antwerpen same år. Arbeidet blei gjort i Paris av italienske Carpanini.[20] I 1895 blei skulpturen stilt ut hos Blomqvists Kunsthandel i Kristiania.[15] Dei norske kunstmeldarane var svært begeistra for verket.[21] Dagbladets anmelder beskrev det slik:
«Det fremstiller en kvindelig Figur, som kaldes Sommerfugl, og som ved den lette og yndefulde Flugt, der synes Skikkelsens Væsen, passer til denne Betegnelse. Paa et Blad er neddalet den skjønne Sommerfugl, Benene kastede lidt fra hinanden, medens Hænderne støtter sig en Smule til Bladets Overflade, og Overkroppen bøjes lidt fremover. Der findes en elastisk Gyngen i hele Figuren, maaske allermest foraarsaget ved Armes og Haandlædes store Liv. Ganske nydelig er Ansigtets Udtryk med de halvt tillukkede Øjne: et tindrende, nyfigent, skjælmsk og reserveret Blik.»[21]
I 1897 stilte ho ut Papillon i den norske avdelinga på e salsutstilling i Stockholm, der Brynjulf Bergslien, Anders Svor og Harriet Backer var blant dei andre kunstnarane som stilte ut. Skulpturen var då prissett til 6 500,- (svenske) kroner.[22] Han vart ikkje seld. Seinare same år donerte ho han til Nasjonalgalleriet.[23]
Andre verk (utval)
[endre | endre wikiteksten]
I 1894 stilte Schjelderup-Ebbe ut verket «Slave» på den såkalla «Salongen» på paradegata Champs-Élysées i Paris. Vanlegvis var det mange norske kunstnarar som viste arbeid på Parisar-salongen i 1880- og 1890-åra, men i 1894 kunne korrespondenten i Bergens Aftenblad finne berre fem norske kunstnarar som var representerte; målarane Johannes Grimelund, Eilert Adelsteen Normann og Sigrid Bølling, og bilethoggarane Menga Schjelderup-Ebbe og Ambrosia Tønnesen. Omtala i Bergens Aftenblad roste arbeidet til Schjelderup-Ebbe:
«Fru Schjelderup-Ebbe udstiller en liggende og bunden mandlig Figur (bronceret Gips), kaldet «Fange», Legemet er godt studeret, Stilling og Udtryk naturlig».[24]
Menga Schjelderup-Ebbe deltok i 1914 på den store jubileumutstillinga som vart arrangert i Kristiania for å markere at det var 100 år sidan Grunnlova blei vedtatt på Eidsvoll. Der stilte ho ut to arbeid i gips; ein portrettbyste og eit verk ho gav tittelen Slave.[25] Verket «Bundet, Slave» hadde ho også stilt ut på Haustutstillinga tidlegare, og det blei stilt ut på nytt i 1932 på ei retrospektiv kollektivutstilling om dei første 25 åra til Høstutstillinga. Verket var i 1932 framleis i eiget til kunstnaren; det blei stilt ut i patinert gips, og måla 55 x 145 cm.[26] Av utstillingskatalogen framgikk at ein bronsestøyp av verket var til salgs for kr. 8 500,-.[26]
Utstillingar
[endre | endre wikiteksten]
- Haustutstillinga (1888, 1890–1892, 1904–1905)[3][28]
- Parissalongen (1893, 1894)[24]
- Verdsutstillinga i Antwerpen (1894)[29]
- Blomqvist Kunsthandel i Kristiania (1895, 1904)[15]
- Charlottenborgutstillinga i København (1896)[29]
- Den almindelige Kunst- og Industriudstilling i Stockholm (1897)[22]
- Jubileumsutstillinga i Kristiania (1914)[25]
- Høstutstillingen gjennem de første 25 år : 1882–1907; Kunstnernes hus i Oslo (1932)[26]
- Kollektivutstillingar i München og Paris[4]
- Utstillinga Tradisjon og fornyelse, Nasjonalgalleriet (1994)[29]
I ettertid
[endre | endre wikiteksten]Schjelderup-Ebbe donerte Papillon til Nasjonalgalleriet i 1897.[30][23]
Då Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design opna i nytt bygg i 2022, vart skulpturen eit midtpunkt i ein av utstillingssalane.[17] I august 2021 strøyma Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design eit føredrag av seniorkurator Ellen J. Lerberg om Schjelderup-Ebbe og kunstnarverket hennar.[17]
Eit anna kjend verk av henne er ein bronsebyste av Dr. med. Axel Johannessen frå 1904, som står i Vitenskapsakademiet i Oslo.
Utover desse to verka er det ikkje kjent at det finst fleire arbeid av henne i offentlege samlingar.[4][31]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «036 Minga Jacobine Schjelderup - 0850 Carl Johans Gade 39 - 014 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1875 for 0301 Kristiania kjøpstad - Digitalarkivet». www.digitalarkivet.no (på norsk). Henta 2021-08-18.
{{cite web}}: Den ukjende parameteren|kommentar=vart ignorert (hjelp) i originalen er det tydeleg at nannet er «Menga Jacobine», feilskrive «Minga Jacobine» i den skanna versjonen - ↑ «Axel Emil Ebbe - Svenskt Biografiskt Lexikon». sok.riksarkivet.se. Henta 2021-08-12.
- 1 2 Illustrert norsk kunstnerleksikon. Mittet. 1944. s. 223.
- 1 2 3 4 Alfsen, Glenny (2017-02-20). «Menga Schjelderup-Ebbe». Norsk kunstnerleksikon (på bokmål). Henta 2021-08-12.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- 1 2 Norges kulturhistorie. Aschehoug. 1980. s. 253–254. ISBN 8203098223.
- ↑ Thiis, Jens (1907). Norske malere og billedhuggere. John Grieg. s. 33.
- ↑ «Bergens tidende». Bergen. 1888-11-05. s. 2.
- ↑ «Aftenposten». Oslo. 1888-10-20. s. 1.
- 1 2 Alsvik, Henning (1953). Norges billedkunst i det nittende og tyvende århundre. Gyldendal. s. 357–358.
- ↑ «Sibylle by MengaSchjelderup-Ebbe». www.artnet.com. Henta 2021-08-13.
- ↑ «Kunst og Literatur – Skulptur». Aftenposten. Oslo. 17. mars 1904. s. 2.
- ↑ N.N. (29. juni 1905). «Bøger – Kunst». Morgenbladet. Oslo. s. 2.
- ↑ «Schjelderup-Ebbe Menga Jakobine». Illustrert biografisk leksikon over kjendte norske mænd og kvinder. Withs forlag. 1920. s. 212.
- 1 2 3 «Byen rundt». Morgenbladet. 1895-02-08. s. 2. «I Blomqvists nye Udstillingslokale vil en av de nærmeste Dage blive udstillet et nyt Arbeide av Billedhuggerinden Fru Menga Ebbe, født Schjelderup. Det er en Kvindeskikkelse i fuld Legemsstørrelse, Papillon de Nuit (Natsommerfuglen).»
- ↑ «Vinger i stein: Bildehoggeren Menga Schjelderup-Ebbe | KK». Kunst og Kultur (på norsk). doi:10.18261/issn.1504-3029-2021-04-03. Henta 2022-01-16.
- 1 2 3 Lerberg, Ellen (26. august 2021). «Vinger av stein». Mot et nytt museum (på bokmål). Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Henta 2021-08-18.
{{cite web}}: Den ukjende parameteren|kommentar=vart ignorert (hjelp) Strømmet foredragsserie fra Nasjonalmuseet - 1 2 Koefoed, Holger (1986). Eros i norsk kunst 1880-1980-årene. Stenersen. s. 41–42. ISBN 8257404195.
- ↑ Norsk og fremmed skulptur i Nasjonalgalleriet. Oslo: Johan Grundt Tanum. 1937. s. 34.
- ↑ «Mot et nytt museum: Vinger av stein». Nasjonalmuseet (på bokmål). Henta 2021-08-30.
- 1 2 «Kunst». Dagbladet. 1895-02-13. s. 1.
- 1 2 Norsk Special-Katalog over de norske Afdelinger ved Den almindelige Kunst- og Industriudstilling i Stockholm 1897 =. Christiania: Hovedkomiteen for Norges Deltagelse i Stockholmsudstillingen 1897. 1897. s. 31.
- 1 2 Thommessen, Rolf (1907). Statens kunstmuseum : katalog over nyere maleres og billedhuggeres værker 1800-1907. Kristiania: Fabritius. s. 80.
- 1 2 «Pariserbrev». Bergens Aftenblad. 1894-05-23. s. 1.
- 1 2 Norges kunst. Utstillingsforl. 1914.
- 1 2 3 Høstutstillingen gjennem de første 25 år : 1882-1907 : 5. sept.-2. okt 1932. Oslo. 1932.
{{cite book}}: CS1 maint: location missing publisher (link) - ↑ Fil:Signatur på byste av Menga Schjelderup-Ebbe 1904.jpg
- ↑ Katalog over Kunstudstillingen 1888. Kristiania. 1888.
{{cite book}}: CS1 maint: location missing publisher (link) - 1 2 3 Tradisjon og fornyelse. Nasjonalgalleriet. 1994. s. 467. ISBN 8290744315.
- ↑ «Menga Schjelderup-Ebbe, Carpanini, Papillon – Nasjonalmuseet – Samlingen». Nasjonalmuseet (på bokmål). Henta 2021-08-12.
- ↑ «Sterke, smarte og selvstendige. Kvinnelige skulptører i Norden 1870–1920». Nasjonalmuseet (på bokmål). Henta 2021-08-17.
- Denne artikkelen bygger på «Menga Schjelderup-Ebbe» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mars 2025.