Menneskerettar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Familiane til «dei forsvunne» under Pinochet-diktaturet demonstrerer mot manglande menneskerettar.

Menneskerettar er grunnleggjande rettar og fridommar som tilkjem kvart menneske. Forkjemparar for slike rettar hevdar gjerne at kvart menneske har verdi i seg sjølv, uavhengig av etnisitet, klasse eller kjønn. I tillegg til å vera eit sentralt moralsk, politisk og juridisk verkemiddel i moderne politikk, både nasjonalt og internasjonalt, i forsvaret for rettane til individ, utgjer menneskerettane viktige og kontroversielle forskingsområde innan både filosofi og rettsvitskap.

Menneskerettane byggjer delvis på filosofien som blir kalla naturrett og rettsprinsippa bak naturretten. Tankar frå opplysingstida førte til erklæringa av slike rettar i Den amerikanske sjølvstendeerklæringa (1776) og den franske Erklæringa om rettane til mennesket og borgaren (1789). Etter andre verdskrigen gjekk landa i SN saman om Menneskerettsfråsegna (1948) og seinare fleire internasjonale fråsegner og konvensjonar som skulle definera og verna menneskerettar.

Dei viktigaste menneskerettane etter naturretten er personleg fridom, næringsfridom, organisasjonsfridom og retten til å binda seg ved lovnad, avtale eller skadegjerande handling. I moderne menneskerettstenking har retten til liv, ytringsfridom, røysterett, rettsstryggleik og trusfridom vokse fram som viktige menneskerettar.

Menneskerettane regulerer først og fremst tilhøvet mellom staten og individet. Ofte blir dei menneskerettane ein ser på som viktige nedfelte i grunnloven til eit land. Rettane kan også nedfellast i konvensjonar, til dømes den juridisk bindande europeiske menneskerettskonvensjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Menneskerettar
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Menneskerettar
Spire Denne filosofiartikkelen som har med jus å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.