Menstruasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Menstruasjonssyklus)
Dagar i menstruasjonssyklusen

Menstruasjon, mensen, det månadlege, tante raud osb. er nemingar brukte om ei blødning frå vagina som dei fleste kvinner i fruktbar alder har om lag ein gong i månaden (gjennomsnittleg kvar 28. dag). Blødninga er eigentleg ei utsondring av både blod og slimhinnerestar.

Menstruasjonssyklusen er ein fysiologisk syklus som er styrt av kjønnshormon og er ein naudsynt prosess for reproduksjon. Store apar, som sjimpansar og orangutangar, har også menstruasjonssyklusar, men hjå dei fleste andre pattedyra finn vi i staden østrus-syklus. Denne artikkelen handlar hovudsakleg om menstruasjon hjå menneske.

Syklusen tek til ved at kvinnekroppen frigjev ei eggcelle (somme gonger fleire) frå eggstokkane, noko som blir kalla eggløysing. Medan egget vandrar ned eggleiaren bygger det seg opp ei slimhinne i livmora. Viss egget blir befrukta vil det slå seg til ro der og veksa. Viss det ikkje skjer noka befrukting vil kroppen skilja ut livmorsslimhinna, som kjem ut saman med blod som menstruasjon. Dersom menstruasjonen uteblir reknar ein det gjerne som eit teikn på at ein er blitt gravid, sjølv om det ikkje alltid treng vera det.

Menstruasjonen tek til under puberteten til normalt fruktbare kvinner ein stad mellom åtte og seksten års alder, men i gjennomsnitt i tolvårsalderen.[1] Den første menstruasjonen blir feira i mange kulturar med ein overgangsseremoni. Etter overgangsalderen, typisk mellom 45 og 55 års alder, sluttar kvinner å menstruera og kan dermed ikkje lenger få barn. Også denne overgangen er viktig i mange kulturar, til dømes kan kvinner ha friare reglar for kva som er sømeleg klesdrakt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. At what age does a girl get her first period? Arkivert 2008-10-24 ved Wayback Machine., frå Menstruasjon and the Menstrual Cycle, National Women's Health Information Center (accessed June 11, 2005).