Hopp til innhald

Mentz Schulerud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mentz Schulerud
StatsborgarskapNoreg
Fødd19. oktober 1915
Oslo, Oslo kommune Sjå dette på Wikidata
Død

18. mai 2003 (87 år)
Oslo, Oslo kommune Sjå dette på Wikidata

Yrkeskribent, teatersjef, radioprogramleiar, redaktør, student
Medlem avDet Norske Akademi for Språk og Litteratur
FarMentz Schulerud Sjå dette på Wikidata
EktefelleHilda Waldeland Sjå dette på Wikidata
BornIngrid Schulerud, Hege Waldeland
PrisarOslo bys kulturpris, Årets Ølhund, Lytterprisen, St. Hallvard-medaljen, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden

Mentz Schulerud (19. oktober 1915–18. mai 2003) var ein norsk skribent, kulturarbeidar og kåsør.[1]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Schulerud var fødd i Kristiania (no Oslo), og voks opp i Hedmark og på Lillehammer.[2] Han vart Cand.mag. i 1941, og arbeidde som hjelpelærar ved Oslo tekniske skole og ved Universitetet i Oslo.

Frå juni 1944 var han redaktør for den illegale avisen Hjemmefronten. Den 14. september 1944 ble han arrestert på grunn av denne virksomheten.[3] Han sat som fange på Møllergata 19 i Oslo frem til 8. desember 1944, då han vart overført til Grini. Han sat i fangenskap frem til okkupasjonsmakta kapitulerte 8. mai 1945.[4]

I 1946 vart han tilsett i NRK. Han var teatersjef ved Oslo Nye Teater 1962–1967 og redaktør for det litterære tidsskriftet Vinduet 1959–1963. Han var styreleder i Norsk Teaterlederforening, Kunstnerforeningen, Riksmålsvernet og Logens venner, og hadde òg verv i Riksmålsforbundet og Det Norske Studentersamfund.

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Schulerud var riddar av St. Olavs Orden. I [[19] vart han utnemnd til statsstipendiat. Han mottok St. Hallvard-medaljen i 1989.[5] I 1996 vart han tildelt æresprisen «Bypatrioten» av Oslo Byes Vel. Han fekk òg Purpurneseordenen i Kunstnarforbundet, og var æresmedlem av Filologisk forening.[6]

Schulerud var son av Mentz Schulerud og Aagot Schulerud (1875–1957), bror av Anne-Cath. Vestly og, gjennom dottera si Ingrid Schulerud, svigerfar til Jens Stoltenberg.

Han er gravlagd på Vestre gravlund.

  • Fra krambod til magasin (1947)
  • Ole Bull (1960)
  • Norsk kunstnerliv (1960)
  • Wergelandsveien (1960)
  • Nordmenn i København (1963)
  • Piberne og Pigerne i Vika (1963)
  • Kongeriget Norges Herligheder (1967)
  • Hafslund gods – Fra Otte Bildt til M. G. Rosenkrantz (1974)
  • Kongevei og fantesti (1974)
  • På Grand i 100 år. 1874 – 1974. (1974)
  • Barn i Oslo (1981)
  • Iduns epler (1982)
  • Akershus i dikterens speil (1991)
Høyrespel
  • O, vidste du bare! (1954),
  1. ↑ «Mentz Schulerud» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. ↑ Nicolaysen, Anders (17. juni 2009), «Gatelangs med Mentz Schulerud», NRK (på bokmål), henta 3. mai 2025
  3. ↑ Luihn, Hans (1960). De illegale avisene. Universitetsforl. s. 247.
  4. ↑ «Mentz Schulerud - Norsk digitalt fangearkiv 1940-1945». www.fanger.no. Henta 12. juli 2023.
  5. ↑ «Tidligere mottakere av St. Hallvard-medaljen». Arkivert frå originalen 10. januar 2014.
  6. ↑ «Patrioten er død». Dagbladet.no (på norsk). 20. mai 2003. Henta 27. juni 2017.