Lyrehalar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Menuridae)
Lyrehalar
Praktlyrehale (Menura novaehollandiae)
Praktlyrehale (Menura novaehollandiae)
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Menuridae
Slekt: Lyrehalar Menura
Latham, 1801

Lyrehalar er ein familie Menuridae av to bakkelevande fuglar i ei felles slekt, Menura. Familien er klassifisert innanfor ordenen sporvefuglar, Passeriformes. Lyrehalar er kjent for uvanlege evner til å herme både naturlege og unaturlege lydar i omgjevnadene sine. Begge kjønna har ei brun og grå fjørdrakt. Hannane har særeigne fjørbuskar av to halefjør på opptil 55 cm. Fjørene kan reisast opp slik at dei minnar om musikkinstrumentet lyre. Leveområdet er sørlege Australia.

Fuglane nyttar mykje tid på skogbotnen og grev med kraftige føter og skarpe klør etter insekt, larver og andre virvellause dyr. Dei kviler og søv på greiner i tre.

Artane[endre | endre wikiteksten]

  • Praktlyrehale eller Weringerong (Menura novaehollandiae) er funnen i område med regnskog i delstaten Victoria, New South Wales og søraustlege Queensland. Han vart introdusert i Tasmania på 1800-talet. Hofuglar er 74-84 cm lange, og hannane er større, omtrent som ein hane av tamhøns, ca. 80-98 cm lange - noko som gjer arten til den tredje største sporvefuglen etter tjukknebbramn og ramn, Corvus corax. Ein finn mykje praktlyrehale innanfor grensene av Dandenong Ranges nasjonalpark og Kinglake nasjonalpark ved Melbourne, Royal nasjonalpark og i Illawarra-regionen sør for Sydney og i mange andre parkar langs austkysten av Australia så vel som i ikkje-verna buskskogområde.
  • Smålyrehale (Menura alberti) er noko mindre, maksimalt 90 cm for hannar og 84 cm for hoer, og finst berre i et svært lite område i regnskogen i sørlege Queensland. Dei har mindre spektakulære halefjør enn praktlyrehale, men er elles like. Det vitskaplege namnet på arten er etter prins Albert, mannen til Victoria av Storbritannia.

Reproduksjon og levevis[endre | endre wikiteksten]

Det er hovudsakleg om vinteren at hannane av lyrehalar vokaliserer. Då byggjer dei og held vedlike ein open, opphøgd spelplass i tett skog, kvar hann kan ha fleire slike plassar på eit stort territorium.[1] På plassen har hannfuglen oppvisingar for å trekkje til seg potensielle partnarar. Praktlyrehalen, truleg òg smålyrehalen har eit polygamt system kor hannen parar seg med mange hoer. Hoene byggjer reir, gjer all ruging og tar omsut for ungane. Reiret er ein stor overbygd struktur med sideinngang, det er bygd av trepinnar og er godt kamuflert. Kullet er på eit, sjeldan to egg og rugetida er om lag 50 dagar. Hoa tar omsut for ungen i opptil 9 månader.[1]

Lyrehalar beitar på insekt, edderkoppar, meitemark og nokre gonger frø. Dei finn mat på bakken ved å skrape med føtene gjennom nedfall av blad. Når dei er utrygge, vel dei heller å springe bort i staden for flyge. Dei vil skjule seg i hòler.

Imitering[endre | endre wikiteksten]

Repertoaret av lydar frå desse fuglane er ei rik blanding av 'eigen' song og ei rekkje andre lydar som dei har høyrt. Syrinxen hos lyrefuglar er dei mest avanserte av alle sporvefuglar, det gjev dei særlege evner til eit vokalrepertoar og til etteraping utan sidestykke blant fuglar.

Hannfuglar av lyrehalar kan gjeve att songar frå andre fuglar med stort truverde og dei er i stad til å ha 'samtalar' med flokkar av fuglar, dei imiterar dyr og menneskelege lydar, maskiner av alle slag, eksplosjonar og musikkinstrument. Lyrehalar er i stand til å etterlikne nesten alle lydar - frå ei fløyte til ei tømmermannssag, og ikkje uvanleg, lydar så ulike som motorsager, bilmotorar og bilalarmar, brannalarmar, rifleskot, fotoapparat, hundebjeffing, gråtande babyar, og til og med menneskelege røyster. Hoer av lyrehalar er også dyktige til å etterlikne, men ein høyrer ikkje hofuglar så ofte som hannfuglar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Curtis, H. S.; D. N. Jones. «Lyrebirds (Menuridae): Definition from Answers.com». Henta 27. november 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]