Hopp til innhald

Menzelja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Menzelja
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 2 120 km²
Lengd 147 km
Vassføring
 •  middel 215 /s
 •  maks 1 979 /s
Kjelde Novy Menzeljabasj, Sarmanovskij rajon i Tatarstan
Munning Nizjnekamskreservoaret i Ik
Kart
Menzelja
55°41′56″N 53°05′27″E / 55.69886°N 53.0909°E / 55.69886; 53.0909
Wikimedia Commons: Menzelya River

Menzelja (russisk skrift Мензеля; tatarsk Минзәлә - Minzälä) er ei elv i Tatarstan i Russland, og ei av sideelvane til Ik frå venstre. Elva munnar ut i Nizjnekamskreservoaret som er ein del av Ik.

Menzelja er 147 km lang og har eit nedslagsfelt på 2120 km². Ho spring ut to kilometer vest for Novy Menzeljabasj i Sarmanovskij rajon i Tatarstan.

Dei største sideelvane hennar er Kholodnaja, Kamysjly, Iganja og Urguda. Sidan 1978 har elva vorte verna som eit «naturleg monument i Tatarstan».[1] Menzelinsk ligg ved elva. Eit kjent landemerke ved elva og denne byen er ei jernbanebru som aldri vart teken i bruk, fordi jernbanen aldri vart lagd hit.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Минзәлә». Tatarsk Leksikon. (2002). Kazan: Tatarstan Republic Academy of Sciences Institution of the Tatar Encyclopaedia.