Meråkerklarinett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Meråkerklarinetten er eit moderne norsk folkeinstrument, òg kalla gjetarinstrument. Produksjon av folkelege klarinettar har lange tradisjonar i Meråker og på 1950- og 1960-talet tok Harald Gilland opp denne tradisjonen.

Instrumentet kan opphavleg ha likna på østerdalsklarinetten, men meråkerklarinetten skil seg frå andre folkelege klarinettar ved at han har eit tilpassa b-klarinettrøyrblad og plant røyrbladanlegg.

Det norske gruppa Tigerlily, som er mest kjent for bruken av norsk sekkepipe, har òg spela inn nokre låtar med meråkerklarinett.