MSD

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Merck & Co)
Gå til: navigering, søk

MSD (forkorting for «Merck, Sharp & Dohme»), kjend som Merck & Co. i USA og Canada, er eit amerikansk konsern som produserer legemiddel og farmasøytiske produkt. Konsernet, som er eitt av dei fem største legemiddelfirma i verda, var opphavleg eit dotterselskap av det tyske legemiddelfirmaet Merck, men vart til liks med andre tyske aktiva konfiskert under fyrste verdskrig og gjort om til eit sjølvstendig amerikansk selskap. 4. november 2009 fusjonerte MSD med legemiddelfirmaet Schering-Plough.

MSD (Norge) AS vart etablert i 1973, og har sidan 1975 heldt til i Drammen. Selskapet tilhøyrer det internasjonale farmasøytiske selskapet Merck & Co.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]