Merdø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Merdø
Geografi
Norway - Merdø.png
Stad Sørlandet
Koordinatar 58°25′29″N 08°48′07″EKoordinatar: 58°25′29″N 08°48′07″E

Høgaste punkt Dynnvikheia (19 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Aust-Agder

Merdø er ei øy i Arendal kommune og tidlegare ei uthamn ved Skagerrakkysten. Merdø ligg sør for Arendal, ut mot havet like ved innseglingsfyra Store og Lille Torungen.

Ein reknar med at Merdø fekk fast busetnad på 1300-talet, og at busetnaden oppstod i nær tilknyting til stadig aukande seglskutetrafikk i Skagerrak. Merdø er avmerkt på alle gamle nederlandske sjøkart frå 1580 og var ein av dei viktigaste uthamnene ved Skagerrak. Merdø hamn ligg mellom øya Merdø og staden Revesand på Tromøy, hamneområdet vert òg kalla Revesandsfjorden. Hamna har to høve for inn- og utsegling, gjennom Vestre Gabet eller Østre Gabet. På Merdø var det tollbu, losstasjon, skule og butikk.

På Merdø ligg eit vel bevart gammalt skipperhus som i dag er Merdøgaard Skjærgårdsmuseum, som høyrer til Aust-Agder kulturhistoriske senter i Arendal. Gravrøyser frå jernalderen finst to stader på øya. Lengst vest på Merdø ligg Gravene; ein lokalitet som vart nytta som gravplass for sjøfolk.

På 1800-talet levde folk av sjøfart, losing og fiske. I år 1900 var det 26 busette hus med totalt 144 innbyggjarar. Tollstasjonen vart nedlagd 1960, losstasjonen i 1971 og postkontoret i 1975.

På 1900-talet har Merdø i stadig større grad vorte ein ferie- og turiststad. Den gamle busetnaden er i dag så godt som fråflytta, men husa vert stadig nytta som sommarbustader. Merdø har òg mange hytter frå 1900-talet. Merdø har fleire fine badeplassar med gode sandstrender, og er ein populært utfartsstad for folk i Arendal. Det går båt til og frå Merdø mange gonger kvar dag i sommarsesongen.

Stadnamnet Merdø kjem truleg frå ordet «merd» som er eit gammalnorsk ord for ruse (fiskeruse). Namnet viser til hamnebassenget innanfor øya. Bassenget har form som ei ruse med munningen vestover og botn mot aust. Hamna har god ankerbotn og er nemnd i alle skildringar av norskekysten.

Geologisk er Merdø ein del av israndavsettinga Raet , og nesten heile Merdø inngår i Raet landskapsvernområde. Merdø har òg ein sjeldan flora, men øya gror no stadig til med meir lauvskog og einerkratt. Merdø høyrte tidlegare til Tromøy kommune, men frå 1992 vart Tromøy innlemma i Arendal kommune.

Forfattaren Jonas Lie lèt romanen Losen og hans hustru hente motiv frå Merdø.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]