Merdøgaard Skjærgårdsmuseum

Koordinatar: 58°25′34″N 8°48′19″E / 58.42608°N 8.80527°E / 58.42608; 8.80527
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°25′34″N 8°48′19″E / 58.42608°N 8.80527°E / 58.42608; 8.80527

Våningshuset på Merdøgaard.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Merdøgaard Skjærgårdsmuseum er eit friluftsmuseum på Merdø i Arendal kommune i Agder fylke. Museet har eldre bygningar med særprega innbu, mellom anna eit skipparhus frå 1736 og ein seglmakarverkstad innreidd i ei sjøbu frå 1730-åra.

Merdøy fekk løyve til å vera gjestgjevar 1601, og var toll- og losstasjon frå 1700-talet. Staden høyrde til Lars A. Dahll og etterkomarane hans i perioden 1719–1929. Merdøgaard vart kjøpt av Arendals Museum i 1930 og er nå ein del av Aust-Agder kulturhistoriske senter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Merdøgaard Skjærgårdsmuseum» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]