Merete Agerbak-Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Merete Agerbak-Jensen
Fødd22. august 1967 (56 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, journalist
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1993–1997)
  • vararepresentant til Stortinget (1997–2001) Sjå dette på Wikidata

Merete Agerbak-Jensen (fødd 22. august 1967 i Oslo) er ein norsk lokalpolitikar for Høgre. Ho er byråd for byutvikling i Oslo, eit verv ho har hatt sidan oktober 2006.

Agerbak-Jensen sat i bystyret i periodane 1987–91, 1991–95 og 1999–2003. Ho sat då i kultur- og utdanningskomiteen. Frå 1992 til 1995 var Agerbak-Jensen byrådssekretær for teknisk, samferdsle og miljø, og frå 1998 til 2000 var ho byråd for miljø og samferdsle. Ho har òg vore nestleiar i Oslo Høgre (1998–2001). I periodane 1993–1997 og 1997–2001 var ho vararepresentant på Stortinget for Oslo.[1]

Agerbak-Jensen er utdanna journalist frå Norsk journalisthøgskole (1994). Ho har også grunnfag i litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo (1992). Agerbak-Jensen har tidlegare arbeidd som journalist i Akers Avis (1987–1990) og VG (1995–1997), kommunikasjonsmedarbeidar i NORAD, kommunikasjonsdirektør i Avinor og informasjonsdirektør i Oslo Sporveier.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Olav Åmås [red.]: «Agerbak-Jensen, Merete» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]