Merete Fjeldavlie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Merete Fjeldavlie
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. august 1968
Oslo
Idrett alpint
Yrke alpinist

Merete Fjeldavlie (fødd 13. august 1968) er ein norsk tidlegare alpin skirennar som i tida 1987-2001 vann sju NM-gull, tre i storslalåm og eitt kvar i slalåm, super-G, utfor og kombinasjon. Ho vann i 1992-sesongen eit verdscuprenn i super-G. Fjeldavlie var medlem i Kongsberg IF og seinare Rjukan IL.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Fjeldavlie tok steget opp i noregseliten i 1987-sesongen, då ho vart norsk meister i storslalåm og tok bronsemedaljen i slalåm då norgesmeisterskapen fann stad i Tromsø. Året etter vann ho gull i slalåm og sølv i storslalåm under NM 1988 i Ål. Gull og sølv sanka ho også i NM 1990 i Hakadal, men då i motsette øvingar.

Fjeldavlie deltok i Vinter-OL 1992 i Albertville, der ho som best vart nummer 15 i storslalåm. Få veker seinare, i mars 1992, rann Fjeldavlie ned til verdscupsiger i ei super-G-tevling i Vail i Colorado, framom austerrikaren Petra Kronberger og franske Carole Merle, noko som førte til at Fjeldavlie kom på andreplassen i kampen super-G-pokalen 1992. Ho avslutta OL-sesongen med å verte norsk meister i storslalåm for tredje gong.

Dei neste sesongane var Fjeldavlie mykje plaga av skadar, og det var fyrst i 1996 og 1997 ho var i stand til å plukke medaljar i norske alpinmeisterskap. Fyrst i 2001 makta ho på ny å vinne norske meisterskapstitlar, ho triumferte då i både super-G og i utforrennet under NM i alpine greiner i Narvik. Tidlegare i same sesongen gjorde ho sitt beste resultat i ein internasjonal meisterskap med niandeplassen i utfor under VM i alpine greiner 2001 i St. Anton. 33 år gammal la ho opp som aktiv alpinist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.