Merete Møller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Merete Møller
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 7. mai 1978 (45 år)
Idrett handball

Merete Møller (fødd 7. mai 1978) er ein dansk tidlegare handballspelar frå Sønderborg. Ho vart verdsmeister med Danmark i 1997 og seinare både noregsmeister og seriemeister med Larvik HK. Møller var spelstyrar (playmaker).

Møller var eit av Danmarks største handballtalent då ho i 1997 fekk plass i mannskapet som vann verdsmeisterskapen gjennom finalesiger over Noreg. I tida frå november 1997 til mars 2000 deltok ho i 37 landskampar og skåra 91 mål.

Periodane 1994-96 og 1997-99 var Møller aktiv i Randers HK. I den mellomliggjande 1996/97-sesongen spelte ho på Vorup BK. Sommaren 1999 skreiv ho kontrakt med Larvik HK. Møller var sentral då klubben vann både cupmeisterskapen og seriemeisterskapen i 1999/2000-sesongen. Stendige kneskader gjorde at ho spelte sin siste kamp vinteren 2001, ein sesong der Larvik forsvarte seriemeistertittelen. Før fylte 23 år la ho opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]