Merkedag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Merkedagar er dagar det er knytt visse merke, minne eller hendingar til. Dei kan vera knytte til historiske eller mytiske hendingar, høgtider eller anna. Ein kan markera merkedagar med samlingar, flaggheising og ulike seremoniar og ritual.

Frå gammalt av er det knytt vêrteikn til ein del merkedagar. Andre kan det vera fest faste gjeremål til, eller det kan vera ting ein ikkje bør gjera på denne dagen.

Namnet kan visa til at ein sette merke ved dagane på primstaven eller i almanakken. Tradisjonelt var merkedagar avmerka på primstaven med visse stiliserte figurar, primstavmerke. I trykte almanakkar og kalendrar kan ein markera visse merkedagar med raud tekst, og dei er derfor også omtalte som «raude dagar» (red-letter day på engelsk).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]