Merry Xmas Everybody

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Merry Xmas Everybody
Singel av Slade
B-side

Don't Blame Me

Utgjeve 7. desember 1973[1]
Innspelt Juli 1973
Sjanger Julemusikk, glamrock
Lengd 3:26
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi
«My Friend Stan»
(1973)
Merry Xmas Everybody «Everyday»
(1974)


«Merry Xmas Everybody» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut som ein singel utan album i 1973. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Det var den sjette og siste førsteplassen deira på den britiske singellista. Han låg på toppen av lista over jula i desember 1973 og slo ein annan julesong, Wizzard sin «I Wish It Could Be Christmas Everyday», som nådde fjerdeplassen. Han låg inne på lista i ni veker fram til februar 1974.[2]

Songen kom ut då bandet var på sitt mest populære og selde over ein million eksemplar då han først kom ut. Det er den siste førsteplassen til Slade og så langt den bestseljande singelen deira. Han har kome ut på ny kvart år sidan 1973 og har blitt spelt inn av mange andre artistar. Singelen selde til platinaplate i Storbritannia i desember 1980.[3] Sidan 2007 og den digitale nedlastinga vart ein del av UK Singles Chart, har songen gått inn på lista kvar einaste desember sidan den gongen. I desember 2012 hadde songen selt 1,32 millionar eksemplar i Storbritannia.

På ei fjernsynsending på ITV i Storbritannia i desember 2012 vart «Merry Xmas Everybody» røysta fram til tredjeplassen (bak «Fairytale of New York» og «I Wish It Could Be Christmas Everyday») i ei kåring over britane sin favorittjulesong.[4]

I følgje eit nyhendebrev frå fanklubben for januar og februar 1974 selde songen til sølvplate for førehandssal. I løpet av den første veka hadde singelen selt 500 000 eksemplar.[5][6] I følgje det same nyhendebrevet var «Merry Xmas Everybody» så etterspurt at Polydor måtte få i stand spesialavtalar for å få 250 000 plater sendt frå Los Angeles, i tillegg til dei 30 000 platene dei mottok om dagen i Tyskland.[5][6]

Historie og bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1973 var Slade eit av dei mest populære banda i Storbritannia, etter å ha oppnådd to nummer éin singlar med «Cum On Feel The Noize» og «Skweeze Me Pleeze Me på tre månader. Desse singlane hadde begge gått rett inn på toppen av hitlistene, noko som ikkje hadde skjedd The Beatles klarte det med «Get Back» i 1969. I løpet av året foreslo manageren Chas Chandler at Slade skulle skriva og spela inn ein julesong. Sjølv om dei andre bandmedlemmene i utgangspunktet var imot ideen, kom Lea med grunnlaget for songen medan han dusja.[7] Etter å ha komme med versmelodien, hugsa Lea ein song Holder hadde kassert i 1967, som han hadde skrive då bandet vart kalla 'N Betweens. Med tittelen «Buy Me a Rocking Chair», var det første songen Holder skreiv.[8][9] «Merry Xmas Everybody» brukte melodien til denne songen for refrenget, med Lea sin melodi som verset. Lea snakka med Record Mirror i 1984 og sa: «Nod hadde skrive refrenget på songen i 1967. På den tida var alt Flower Power og Sgt. Pepper og Nod hadde skrive denne melodien. Verset var kjipt, men så kom han til refrenget og gjekk 'Buy me a rocking chair to watch the world go by, buy me a looking glass, I'll look you in the eye' - veldig Sgt. Pepper. Eg bruker ikkje bandopptakarar, eg hugsar berre alt, og viss noko er skrive for 10 eller 15 år sidan, det blir der oppe i hovudet mitt. Eg gløymde aldri det refrenget, og eg var i dusjen i Amerika ein stad og tenkte - Bob Dylan, Bob Dylan - og plutseleg kom det ut 'are you hanging up the stocking on the wall' og eg tenkte at eg tar med meg det refrenget Nod gjorde i '67. Så eg ringde Nod og sa kva med å laga ein julesang, og han sa ok, så eg spelte han til han og det var det.»

Etter ein tur på byn, jobba Holder heile natta heime hos mora i Walsall med å skriva teksten, som han fullførte i eitt utkast.[10][9]

Holder presenterte teksten sin for Lea, og paret spelte songen for Chandler på akustiske gitarar. Slade drog deretter på ein utseld turné. Ti veker før songen vart spelt inn, vart trommeslagaren Don Powell skadd i ei bilulykke. Kjærasten hans Angela Morris vart drepen, og Powell vart verande i koma i nesten ei veke. Etter at han etter kvart vart frisk, kunne han slutta seg til bandet for å spela inn songen. I 2009 kunngjorde PRS for Music at opptil førti-to prosent av folkesetnaden i verda kunne ha lytta til songen.[11][12]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn på seinsommaren 1973, halvvegs gjennom den amerikanske turneen til Slade på austkysten, på Record Plant i New York,[10] der John Lennon nettopp hadde arbeidd med albumet sitt Mind Games.[7] «Merry Xmas Everybody» tok fem dagar å fullføra, men bandet mislikte den første fullførte versjonen.[9] Det enda med at han vart spelt inn på nytt, og korridoren utanfor studioet vart brukt til å spela inn refrenget,[10] sidan det gav eit passande ekko.[9]

I eit intervju frå 1984 med Record Mirror snakka Lea om innspelinga av songen: «Me spelte han inn i Record Plant i New York, som ligg på toppen av ein skyskrapar. Me sa at me trong eit ekko-rom, men på den tida gjekk ingen for denne store, store lyden som dei alle liker no. Desse ingeniørane trudde me var sure, dei sa 'nei du, du kjenner Eagles, ein veldig stram lyd, Hotel California og alt det som ping ut av høgtalarane til deg. Eg sa kva med gangen nede og dei sa 'me kan ikkje bruka gangen, det er alle desse forretningsmennene som går gjennom der til dei andre kontora'. Uansett drog me kablar ned til gangen og der song me i september 'så her er det god jul' og me var totalt ukjente der borte og folk trudde me var galne.»

I 2018 snakka Jim Lea om innspelinga av songen i eit Slade Forum: «Songen vart spelt inn med meg full av angst. Don kunne ikkje hugsa noko, og ingen ville øva på songen med meg. Dei var imot ideen. Det du høyrer på sporet er at eg speler bass, akustisk gitar, piano og harmonium då sporet vart bygd ut av tynn luft, på grunn av mangel på øving. Dave gjekk med på å spela elektrisk gitar. Stakkars Don såg på med gru der han tromma ein enkelt rytme berre for å få han ned. Eg visste at han var bra, men det var berre ein spelar på laget. Alt eg prøvde på er på plata sidan Dennis Faranti (ingeniør) likte alle ideane eg hadde. Eg grudde meg til å høyra miksen, medan me var på turneen, medan Chas og Dennis miksa songen. Eg vart letta då eg høyrde kva som kom ut av alt det stresset.»[13]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«Merry Xmas Everybody» opnar med ein introduksjon som bestod av ein H-triade, ein 7-sekunds melodi beståande av eit harmonium og bass.[14] Det første verset dukkar deretter opp i G-dur.[15] Dette blir følgde av mellomspelet og så refrenget. Denne sekvensen blir deretter gjentatt ein gang, og følgd av ein solodel sunge av Holder (What will your daddy do/when he sees your mamma kissin' Santa Claus). Den første sekvensen blir deretter gjentatt, med det siste refrenget sunge fire gangar. På den siste attgjevinga skrik Holder «IT'S CHRISTMAS!!!!» etter Everybody's have fun-linja og over resten av refrenget; den siste delen reduserer tempoet og tonar ut til ein akkord i D-dur spelt på harmonium.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Noddy Holder i 1973, følgd av Dave Hill, gitaristen i Slade.

Før utgjevinga mottok «Merry Xmas Everybody» omtrent ein halv million førehandstingingar. 350 000 eksemplar vart kjøpte ved utgjevinga. Det vart den tredje songen av Slade som gjekk rett inn på toppen av UK Singles Chart. Dette skjedde 15. desember 1973 og var den sjette førsteplassen deira,[8][16] og den raskast selde singelen i Storbritannia. Polydor, plateselskapet til Slade, vart tvinga til å bruka det franske presseanlegget sitt for å halda tritt med etterspurnaden, og songen selde til slutt over ein million eksemplar, vart songen som låg på toppen av singellista i jula 1973 og slo ein annan julesong, «I Wish It Could Be Christmas Everyday» av Wizzard.[17] «Merry Xmas Everybody» vart verande nummer éin til midten av januar, og låg på topp 50 i ni veker.[18] At han vart verande på listene etter jul, forvirra Holder, som lurte på kvifor folk fortsette å kjøpa han.[9]

Den originale B-sida til singelen var «Don't Blame Me», som seinare dukka opp som eit albumspor på albumet Old New Borrowed and Blue frå 1974.[19] I eit fanklubbintervju frå 1979 sa Lea: «'Don't Blame Me' var ein tidsfyllar, eg trur at han vart skapt slik. Då den vart brukt som b-side, visste me ikkje eingong at han vart brukt. Det vart avgjort av selskapet. Me var i Amerika og spelte inn julesingelen, og ein måtte raskt velje ein song å setje på B-sida, og dette var sporet som tilfeldigvis vart nytta.»[20]

I 1985 kom songen ut på ein 12"-vinyl for første gongen. Ein utvida remiksversjon av songen vart oppretta av Lea og Peter Hammond for utgjevinga.[21] I 1989 vart han gjeven ut på CD-singel for første gongen, og denne selte 15 000 eksemplar i Storbritannia.[22] Same år vart songen sampla av popbandet Jive Bunny and the Mastermixers for songen «Let's Party». «Let's Party» nådde toppen i Storbritannia,[23] og var òg ein suksess over heile Europa.[24]

Marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Det vart ikkje laga musikkvideo for songen sidan bandet fokuserte på omfattande TV-arbeid i løpet av jula i staden. Dei framførte songen på forskjellige show, inkludert Top of the Pops, The Les Dawson Christmas Show og Lift Off with Ayshea.[25]

Bandet framførte seinare songen igjen på Top of the Pops 22. desember 1983, og på nederlandsk TV mens dei marknadsførte singelen «My Oh My» i 1983. I 1985 framførte Holder og Lea ein kort akustisk versjon på det britiske showet Razamatazz medan dei promoterte singelen «Do You Believe in Miracles». Bandet mima songen på Pebble Mill at One i 1991 medan dei marknadsførte den siste singelen til bandet, «Universe».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Då songen kom ut skreiv Record Mirror: «Når Slade får tak i ein julesong, er det uunngåeleg noko anna. Holder og Lea, den velkjente melodiduoen, er her på ein mildare, meir melodiøs, mindre bråkete enn vanleg og når garantert nummer éin.»[26] Disc kommenterte: «Det er ingen tvil om at denne julejubelen vil bli ein enorm monsterhit: hovudspørsmålet er om han går rett til nummer éin ...»[5][27] Sounds sa: «Noddy har ei spesielt fin røyst, og det er òg ein superfin dunkande bass.»[5][27] Melody Maker skildra songen som «ein annan stampar» og «svært dansbar».[28]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

«Merry Xmas Everybody» blir jamleg spelt på britiske nattklubbar og på TV- eller radiostasjonar og på mange supermarknader rundt jul. Han er inkludert på ei rekkje samlealbum med juletema og fleire av Slade sine samlealbum.[10][17] Trass i populariteten til songen vart det den siste hit nummer éin-hitten deira.[17] Songen gjekk inn på den britiske singellista kvart år i byrjinga av 1980-åra, og igjen i 1998 og så kvart år sidan 2006.[29] Peter Buckley skildra songen i The Rough Guide To Rock som «utan tvil den beste julesingelen nokosinne».[30] Denne oppfatninga går att i ei meiningsmåling i 2007 utført av MSN Music, der han vart kåra til den mest populære julesongen i Storbritannia.[31] Men likevel blir songen praktisk talt aldri spelt i USA, etter å ikkje ha vorte utgjeven som singel der i 1973.[32] I USA blir denne songen likevel spelt på Muzak.

Songen kan høyrast i bakgrunnen under seks episodar av det britiske TV-programmet Doctor Who: «The Christmas Invasion» (2005) i Mickey Smith sin garasje, «The Runaway Bride» (2006) på Donnas første bryllaupsmottaking, «Turn Left» (2008) inne på ein pub, «The End of Time» i Donnas hus, «The Power of Three» (2012) på eit sjukehus og «Last Christmas» (2014) for å halda ei kvinne distrahert frå monstera i episoden.

Han kan òg høyrast i byrjinga av NCIS: Los Angeles sesong 1 episode 10.

Songen har òg vorte den siste songen som Mark Radcliffe og Stuart Maconie spelar før jul på BBC Radio 6 Music-showet og ved ei rekke høve har Noddy Holder vore gjest i showet for å introdusera han.

Noddy Holder har referert til songen som pensjonsordninga si, sidan songen har vore vedvarande populær og generert låtskrivarhonorar.[33] I 2015 vart det rekna at songen genererer 500 000 pund i honorar kvart år.[34] Songen har vorte kreditert for å ha popularisert det årlege løpet om å nå toppen av den britiske singellista over jul.[35]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • I 1981 spelte den britiske arbeidarklasse/Oi!-bandet The 4-Skins inn ein versjon for den ymse artist-samlinga Bollocks to Christmas.[36]
  • I 1987 framførte det britiske rockebandet The Cure songen live som den siste songen i den siste ekstranummeret sitt dei tre kveldande dei spelte på Wembley Arena 9. desember 1987.[37]
  • I 1990 gav glamrock-bandet The Metal Gurus ut ein cover av songen som ein velgjerande singel. Versjonen deira vart produsert av Holder og Lea, og nådde 55. plassen i Storbritannia. Inntekta gjekk til Childline.[38][39]
  • I 1998 gav den svensken danseduoen Flush ut ein danseremiks under namnet «Slade vs Flush». Han nådde 30. plassen i Storbritannia.[40][41]
  • I 1998 spelte Spice Girls inn ein versjon og spelte denne songen på Christmas in Spiceworld-turneen deira.
  • I 2000 spelte den britiske danse-pop-gruppa Steps inn ein versjon for samleplata Platinum Christmas.[42]
  • I 2000 spelte det britiske rockebandet Oasis inn ein akustisk versjon for The Royle Family julespesial. Han vart seinare gjeven ut i 2002 på ei samleplata NME in Association with War Child Presents 1 Love.[43][44][45]
  • I 2005 inkluderte jentegruppa Girls Aloud ein coverversjon som avslutningsspor på ei bonussplate med julesongar, som kom som ei avgrensa utgåve av albumet deira Chemistry.[46]
  • I 2005 spelte den britiske songaren Tony Christie inn songen og gav han ut som singel på Amarillo Records.[47][48][49] Han nådde 49. plassen i Storbritannia.[49]
  • I 2007 gav det amerikanske rockebandet R.E.M. ut sin eigen versjon av songen som ein julefanklubbsingel.[50]
  • I 2010 framførte Glenn Gregory frå Heaven 17 ein akustisk versjon av songen.[51]
  • I 2010 framførte den amerikanske songaren Brendan Benson ein versjon av songen i desember for The A.V. Club sin Holiday Undercover-serie.[52] Seinare, i same serie, spelte òg den engelske songaren Kate Nash inn songen.[53]
  • I 2012 gav det kanadiske rockebandet Sloan ut sin eigen versjon av songen som ei gratis nedlasting.[54]
  • I 2012 spelte det belgiske poppunkbandet The Rocket inn songen for den belgiske radiostasjonen MNM.
  • I 2015 spelte det amerikanske rockebandet Train songen for albumet Christmas in Tahoe.[55]
  • I 2017 spelte det amerikanske rockebandet Cheap Trick songen på albumet Christmas Christmas.[56]
  • I 2017 spelte det britiske progressive rockebandet IQ songen på albumet Tales from a Dark Christmas i avgrensa opplag.
  • 1. november 2019 vart singelen gjeven ut av det amerikanske keltiske rockebandet Prydein med ein video og digital utgiving
  • 1. november 2019 spelte Robbie Williams songen for albumet The Christmas Present. Songen vart spelt inn i lag med Jamie Cullum.[57]
  • 15. november 2019 spelte det amerikanske rockebandet I Don't Know How But They Found Me songen på EP-en sin Christmas Drag. Ein offisiell musikkvideo kom ut tre dagar seinare.[58]
  • I november 2020 gav Dr Phunk ut ein hardstyle-versjon på EP-en Home Alone (On the Night Before Christmas).
  • 11. desember 2020 gav det engelske indiepopbandet Bastille ut songen som ein del av Google Nest Audio Sessions.[59]
  • 18. desember 2020 spelte det tyske power metal-bandet Blind Guardian inn songen.[60]

Format[endre | endre wikiteksten]

7"-singel

  1. «Merry Xmas Everybody» – 3:26
  2. «Don't Blame Me» – 2:40

12"-singel (1985-utgåva)

  1. «Merry Xmas Everybody (Extended version)» – 5:17
  2. «Don't Blame Me» – 2:40

CD-singel (1989-utgåva)

  1. «Merry Xmas Everybody» – 3:23
  2. «Don't Blame Me» – 2:40
  3. «Far Far Away» – 3:33

CD-singel (tysk utgåve frå 1993)

  1. «Merry Xmas Everybody» – 3:23
  2. «My Friend Stan» - 2:38
  3. «Cum On Feel the Noize» – 4:18

CD-singel (Slade vs. Flush '98-miks)

  1. «Merry Xmas Everybody '98 Remix (Flush Edit)» – 3:44
  2. «Merry Xmas Everybody (Original version)» – 3:26
  3. «Cum On Feel the Noize» – 4:23

CD-singel (2006-utgåva)

  1. «Merry Xmas Everybody» – 3:26
  2. «Cum On Feel the Noize» – 4:23

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Slade

  • Noddy Holder – solovokal, rytmegitar
  • Dave Hill – sologitar, korvokal
  • Jim Lea – bass, harmonium, korvokal
  • Don Powell – trommer

Andre medverkande

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973–74) Plassering
Australia (Kent Music Report)[61] 55
Den belgiske singellista[62] 3
Den nederlandske singellista[63] 3
Den finske singellista 19
Den franske singellista[64] 28
Den tyske singellista[65] 4
Irish Singles Chart[66] 1
Den norske VG-lista[67] 4
UK Singles Chart[68] 1
Liste (1980) Plassering
UK Singles Chart[68] 70
Liste (1981) Plassering
UK Singles Chart[68] 32
Liste (1982) Plassering
UK Singles Chart[68] 67
Liste (1983) Plassering
UK Singles Chart[68] 20
Liste (1984) Plassering
Irish Singles Chart[69] 18
UK Singles Chart[68] 47
Liste (1985) Plassering
UK Singles Chart[68] 48
Liste (1986) Plassering
UK Singles Chart[68] 71
Liste (1989) Plassering
UK Singles Chart[68] 99
Liste (1990) Plassering
UK Singles Chart[68] 93
Liste (1991) Plassering
Den nederlandske singellista[70] 73
Liste (1998) Plassering
UK Singles Chart[68] 30
Liste (2006) Plassering
European Hot 100 Singles Chart[71] 65
UK Singles Chart[68] 21
Liste (2007) Plassering
UK Singles Chart[68] 20
Liste (2008) Plassering
UK Singles Chart[68] 32
Liste (2009) Plassering
Den tyske singellista[72] 80
UK Singles Chart[68] 41
Liste (2010) Plassering
UK Singles Chart[68] 50
Liste (2011) Plassering
UK Singles Chart[68] 33
Liste (2012) Plassering
UK Singles Chart[68] 35
Liste (2013) Plassering
UK Singles Chart[68] 49
Liste (2014) Plassering
UK Singles Chart[68] 55
Liste (2015) Plassering
Polen (Den polske Topp 5-lista)[73] 61
UK Singles Chart[68] 55
Liste (2016) Plassering
Polen (Den polske Topp 5-lista)[74] 53
UK Singles Chart[68] 30
Liste (2017) Plassering
Irish Singles Chart[66] 65
Polen (Den polske Topp 5-lista)[75] 51
Slovenia (SloTop50)[76] 30
UK Singles Chart[68] 16
Liste (2018) Plassering
Polen (Den polske Topp 5-lista)[77] 82
UK Singles Chart[68] 17
Liste (2019) Plassering
Polen (Den polske Topp 5-lista)[78] 36
UK Singles Chart[68] 19
Liste (2020) Plassering
Polen (Den polske Topp 5-lista)[79] 50
UK Singles Chart[68] 17

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Slade - Merry Xmas Everybody / Don't Blame Me - Polydor - UK - 2058 422». 45cat. Henta 15. oktober 2021. 
  2. «Slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 15. oktober 2021. 
  3. «Home». BPI. Henta 15. oktober 2021. 
  4. «The Nation's Favourite Christmas Song». ITV. 22. desember 2012.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Slade Fan Club Newsletter January - Februar 1974
  6. 6,0 6,1 «Photographic image of Fan Club newsletter : January/Februar 1974». Arkivert frå originalen (JPG) 23. april 2012. Henta 15. oktober 2021. 
  7. 7,0 7,1 http://www.jimleamusic.com/files/theme/sundaymercury.jpg
  8. 8,0 8,1 «Merry Xmas Everybody». BBC Online. BBC. Henta 13. november 2009. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Thompson, Dave. «Merry Xmas Everybody». All Media Guide. Allmusic. Henta 21. november 2009. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 Hunt, Chris (January 2003). «Merry Xmas Everybody». Q (Bauer Media Group). Henta 15. november 2009. 
  11. «Slade's Noddy Holder Promises to Strip if Song Makes Christmas Number One, NewsCred». Breakingnews.newscred.com. 7. desember 2009. Arkivert frå originalen 9. juli 2012. Henta 15. oktober 2021. 
  12. «3 billion have suffered Slade's 'Merry Xmas Everybody'». Theregister.co.uk. Henta 9. oktober 2021. 
  13. «Jim Lea Q & A». Crazeeworld. Henta 21. september 2019. 
  14. Pedler, Dominic (2003). The Songwriting Secrets of the Beatles. Omnibus Press. s. 303. ISBN 0-7119-8167-1. 
  15. Pedler, pp. 303–4
  16. «Slade: Artist Chart History». Official Charts Company. Henta 4. mai 2020. 
  17. 17,0 17,1 17,2 «The curse of the Christmas single». The Guardian (UK: Guardian News and Media Limited). 10. desember 2004. Henta 15. november 2009. 
  18. Rice, Tim; Rice, Jo; et al. (1985). Guinness British Hit Singles. Guinness Books. ISBN 0-85112-429-1. 
  19. «ALL Diskografi @ www.collectadisc.co.uk». Collectadisc.co.uk. Henta 15. oktober 2021. 
  20. «SLADE @ www.slayed.co.uk». Crazeeworld.plus.com. Arkivert frå originalen 4. oktober 2021. Henta 115. oktober 2021. 
  21. «Slade - Merry Xmas Everybody (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. Henta 15. oktober 2021. 
  22. «Slade - Merry Xmas Everybody (CD) at Discogs». Discogs.com. Henta 15. oktober 2021. 
  23. «Let's Party : Search». officialcharts.com. Henta 9. oktober 2021. 
  24. Hung, Steffen. «Jive Bunny & The Mastermixers - Let's Party». hitparade.ch. Henta 9. oktober 2021. 
  25. Slade International Fan Club newsletter June - July - August 1986
  26. Record Mirror, 8. desember 1973
  27. 27,0 27,1 «Photographic image of 'What the Papers Say : Merry Christmas Everybody'». Arkivert frå originalen (JPG) 23. april 2012. Henta 15. oktober 2021. 
  28. «Slade Scrapbook - 1973 Press Cuttings». Slade Scrapbook. 
  29. «Take That keep top spot in charts». BBC News Online (BBC). 11. desember 2006. Henta 16. november 2009. 
  30. Buckley, Peter (2003). The Rough Guide To Rock. Rough Guides. s. 948. ISBN 1-84353-105-4. 
  31. «UK's most popular Christmas song revealed». NME (UK). 6. desember 2007. 
  32. «7 British Christmas Songs That Somehow Never Made it Big in the US». www.lostinthepond.com. 27. november 2013. Henta 2. desember 2017. 
  33. «The Stirrer». The Stirrer. 30. september 1967. Henta 9. oktober 2021. 
  34. «Slade, the Pogues or Mariah: who makes the most at Christmas?». The Daily Telegraph. Henta 26. desember 2016. 
  35. Shennan, Paddy (13. desember 2011). Will Christmas Number One hopes 'The W Factor' (The Wombles) or 'MW Factor' (The Military Wives) beat The X Factor?. Liverpool Echo. Henta 23. august 2012.
  36. «Various Artists - Bollocks To Christmas EP - Secret - UK». 45cat. 18. desember 2010. Henta 15. oktober 2021. 
  37. «Christmas Songs For Goths». post-punk.com. 23. desember 2017. Henta 4. desember 2018. 
  38. «CD-singels - The Metal Gurus - Merry Xmas Everybody / Metal Guru - Mercury - UK - GURCD 1». 45worlds.com. Henta 27. juli 2017. 
  39. «METAL GURUS | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 15. oktober 2021. 
  40. «SLADE VS FLUSH | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 15. oktober 2021. 
  41. «Stars cash in at Christmas». BBC News Online (BBC). 25. desember 1998. Henta 15. november 2009. 
  42. «Merry XMas Everybody - Steps | Song Info». AllMusic. 14. november 2000. Henta 15. oktober 2021. 
  43. Wright, Lisa (31. mars 2015). «Oasis' 10 Best Covers - from Slade To (Of Course) The Beatles». NME. Henta 15. oktober 2021. 
  44. «Various - NME & Warchild Presents 1 Love (CD) at Discogs». Discogs.com. Henta 15. oktober 2021. 
  45. «Oasis Cover Slade Xmas Classic». Sky News (BSkyB). 1. oktober 2002. Arkivert frå originalen 2. februar 2009. Henta 15. november 2009. 
  46. Caroline Sullivan. «CD: Girls Aloud, Chemistry (Limited Edition) | Music». The Guardian. Henta 15. oktober 2021. 
  47. Roller, Pat (3. oktober 2005). «Off The Record». Daily Record. Henta 16. november 2009. 
  48. «Tony Christie - Merry Xmas Everybody (CD) at Discogs». Discogs.com. Henta 15. oktober 2021. 
  49. 49,0 49,1 «TONY CHRISTIE | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. 14. mai 2015. Henta 15. oktober 2021. 
  50. «R.E.M. Fan Club Singles 1988-2010 - Hip Christmas Music». www.hipchristmas.com. 18. november 2008. Henta 15. oktober 2021. 
  51. Morley, Paul; Gallagher, Andy (26. desember 2010). «Paul Morley's Christmas songs». The Guardian (London). 
  52. «Brendan Benson covers «Merry X-Mas Everybody»». Henta 15. oktober 2021. 
  53. «Kate Nash covers «Merry X-Mas Everybody»». Henta 7. april 2013. 
  54. Hudson, Alex (21. desember 2012). «Sloan «Merry X'mas Everybody» (Slade cover)». Exclaim.ca. Henta 15. oktober 2021. 
  55. AllMusic Review by Stephen Thomas Erlewine (13. november 2015). «Christmas in Tahoe - Train | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 15. oktober 2021. 
  56. «Christmas Christmas - Cheap Trick | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. 
  57. «Robbie Williams - Merry Xmas Everybody ft. Jamie Cullum (Official Video)». YouTube. Robbie Williams. 1. november 2019. Henta 9. desember 2019. 
  58. I DONT KNOW HOW BUT THEY FOUND ME - Merry Christmas Everybody (Official Music Video) (på engelsk), henta 15. oktober 2021 
  59. «Bastille - Merry Xmas Everybody - for Nest Audio Sessions». YouTube. Bastille. 11. desember 2020. Henta 17. desember 2019. 
  60. «BLIND GUARDIAN - Merry Xmas Everybody (OFFICIAL MUSIC VIDEO)». YouTube. 18. desember 2020. 
  61. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6. 
  62. «Slade - Merry Xmas Everybody». ultratop.be. Henta 9. oktober 2021. 
  63. «Dutch charts portal». dutchcharts.nl. Henta 15. oktober 2021. 
  64. «InfoDisc : Tout les Titres par Artiste». Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 26. oktober 2013. Henta 9. oktober 2021. 
  65. «Die ganze Musik im Internet: Charts, News». Musicline.de. Arkivert frå originalen 19. desember 2013. Henta 15. oktober 2021. 
  66. 66,0 66,1 Jaclyn Ward (1. oktober 1962). «The Irish Charts – All there is to know». Irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 3. juni 2009. Henta 15. oktober 2021. 
  67. «Norwegian charts portal». Norwegiancharts.com. 15. juni 2006. Henta 15. oktober 2021. 
  68. 68,00 68,01 68,02 68,03 68,04 68,05 68,06 68,07 68,08 68,09 68,10 68,11 68,12 68,13 68,14 68,15 68,16 68,17 68,18 68,19 68,20 68,21 68,22 68,23 68,24 68,25 «SLADE | full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 28. desember 2019. 
  69. Jaclyn Ward. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 3. juni 2009. Henta 115. oktober 2021. 
  70. «Slade - Merry Xmas Everybody». dutchcharts.nl. Henta 9. oktober 2021. 
  71. «Music News, Reviews, Articles, Information, News Online & Free Music». Billboard. 7. mai 2011. Henta 15. oktober 2021. 
  72. «Die ganze Musik im Internet: Charts, News». Musicline.de. Arkivert frå originalen 19. desember 2013. Henta 115. oktober 2021. 
  73. "Listy bestsellerów, wyróżnienia :: Związek Producentów Audio-Video". Den polske Topp 5-lsita. ZPAV.
  74. "Listy bestsellerów, wyróżnienia :: Związek Producentów Audio-Video". Den polske Topp 5-lsita. ZPAV.
  75. "Listy bestsellerów, wyróżnienia :: Związek Producentów Audio-Video". Den polske Topp 5-lsita. ZPAV.
  76. «SloTop50: Slovenian official singles weekly chart» (på slovensk). SloTop50. Henta 15. oktober 2021. 
  77. "Listy bestsellerów, wyróżnienia :: Związek Producentów Audio-Video". Den polske Topp 5-lsita. ZPAV.
  78. "Listy bestsellerów, wyróżnienia :: Związek Producentów Audio-Video". Den polske Topp 5-lsita. ZPAV.
  79. "Listy bestsellerów, wyróżnienia :: Związek Producentów Audio-Video". Den polske Topp 5-lsita. ZPAV.