Mesa Verde nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergbustader i Mesa Verde

Mesa Verde (av spansk: grønt bordfjell) er ein 212 km² vid nasjonalpark sørvest i delstaten Colorado i USA, ei 50 kilometer vest om småbyen Durango. Nasjonalparken vart oppretta i 1906 og vernar ikring 4000 arkeologiske minne etter det førkolumbiske anasazi-folket. Mesa Verde er særleg kjend for dei mange berghusa, bygt under berghamrar på 1100-1200-talet. Etter langvarige turkeperiodar og sosial uro, utvandra anasazi-folket kring 1285 sørover til område i Arizona og New Mexico.

Mesa Verde er den einaste nasjonalparken i USA som er verna grunngjeve med det arkeologiske verdet. År 1978 vart nasjonalparken innlemma på UNESCO si verdsarvliste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]