Mesaoría

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mesaoría
slette
Land  Kypros
Kart
Mesaoria
35°10′00″N 33°40′00″E / 35.16666667°N 33.66666667°E / 35.16666667; 33.66666667

Mesaoría (gresk Μεσαορία, tyrkisk Mesarya) er ei brei slette i dei sentrale områda av øya Kypros

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mesaoríasletta er avgrensa i aust og vest av Middelhavet, i sør av fjellkjeda Tróodos og i nord av fjellkjeda Kyrínia. Ho har eit areal på om lag 1 000 km². Ho stig til ei høgd på om lag 325 meter. Det er fleire elvar som renn over sletta, men alle desse tørkar inn om sommaren.

Ordet «Mesaoría» tyder «mellom fjella» på gresk. Mesaoría er stort sett ei brei og berr slette med få tre bortsett frå dei som er planta for å gje ly for vinden. Området er det viktigaste jordbruksområdet på Kypros, men er svært avhengig av regnet om vinteren og kunstig vatning, noko som gjev avgrensa produksjon. Det er òg det mest busette området på øya, og inneheld fleire landsbyar og fleire av dei største byane, som hovudstaden Levkosía.

På grunn av avskoging er mykje av Mesaoría dekt av «kafkalla», det lokale ordet for kalsiumkarbonat, som har vorte pressa saman til aurhelle. Dei einaste plantene som trivst på denne overflata vert raskt ete av beitande dyr, noko som har ført til omfattande jorderosjon.

Det kan bli svært varmt her om sommaren, og temperaturar rundt 40 °C er ikkje uvanleg. Sletta får mykje mindre nedbør enn fjellområda rundt, men dei siste åra er det bygd demningar og vatningssystem, for å samle vatnet som renn ned frå fjella.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne spor etter neolittiske kulturar. I antikken var heile det sentrale området på øya dekt av tette skogar. Mesteparten vart hogd ned i 1. århundret fvt. for å skaffe tømmer til Ptolemeardynastiet sin marine. I tillegg vart mykje tømmer brukt for å gje nok energi for utvinninga av kopar. Så seint som på 1500-talet var det derimot framleis store mengder skog igjen på sletta. I dag er det berre skogområde i dei omliggande fjella, særleg i Tróodos.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]