Meslingar
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Meslingar (Morbilli) - òg kalla kregda eller kregdå [1] [2] - er ein barnesjukdom med utslett. Meslinger vert skulda meslingevirus, og er den alvorlegaste barnesjukdomen. Som med andre barnesjukdomar, kan òg vaksne smittast og verta sjuke. Vaksine mot meslinger vart introdusert i Noreg i 1969 og vart kombinert med vaksinar mot raude hundar og kusma i 1983 (MMR-vaksinen)].[3] Det er større risiko for å få meslinger ved reising.
Det vert vaksinert mot sjukdomen i barnevaksinasjonsprogrammet fordi den kan gje alvorlege komplikasjonar som lungebetennelse, bronkitt, Øyrebetennelse, hjernebetennelse, varige skadar og død. Helseorganisasjonen i verda (WHO) anslår at det i 2000 var 30–40 millionar tilfelle av meslinger, derav 777 000 dødsfall.
Førekomst[endre | endre wikiteksten]
Dei fleste barn vert vaksinert, men viruset er særs smittsamt, og dekningsgraden av vaksine varierer geografisk. Sjukdomen opptrer difor i dag oftast som sporadiske tilfelle med mindre lokale utbrot i enkelte delar av folkesetnaden som av einkvan grunn ikkje er vaksinert. I Noreg kan det henda at barn av innvandrarar ikkje er vaksinert i heimlandet. Enkelte miljø med skepsis mot vaksinar kan òg ha barn som er uvaksinerte. Pasienten er mest smittsamt 4–6 dagar før og etter utslettet bryt ut.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Meslinger» frå Wikipedia på bokmål, den 14. oktober 2018.