Trofigrad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mesotrofe vatn)

Trofigrad er ein måte å karakterisera vassmassar som innsjøar og myrer på som bygger på tilgangen deira til næringsstoffa fosfat og nitrogen, og på kor stor produksjonen av plantemateriale er.[1]

Dei vanlegaste trofinemningane er følgjande:[1]

  • Oligotrofi viser til låg produksjon, som er assosiert med låge konsentrasjonar av fosfor og nitrogen.
  • Mesotrofi viser til ein middels produksjon og konsentrasjon av næringssalt.
  • Eutrofi viser til høg produksjon, som er assosiert med høge konsentrasjonar av fosfor og nitrogen.

Mesotrofe vatn er ofte klåre innsjøar med botn av vassplanter og normale næringsnivå. Desse innsjøane er forholdsvis klåre og djupe med normale temperaturforhold.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hongve, Dag (26. januar 2023). «trofigrad». Store norske leksikon (på norsk). 
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.