Mesozoikum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mesozoikum
251 - 65.5 millionar år sidan
Inndeling av mesozoikum
sjå • diskuter • endre
-260 —
-240 —
-220 —
-200 —
-180 —
-160 —
-140 —
-120 —
-100 —
-80 —
-60 —
M
e
s
o
z
o
i
k
u
m
Ein tilnærma tidsskala for mesozoikum
Skala: Millionar år sidan.

Mesozoikum eller jorda si mellomtid er ein av tre geologiske æraer i eonet fanerozoikum. Inndelinga av dei geologiske æraene går tilbake til Giovanni Arduino1700-talet som då kalla mezosoikum sekundær. Mesozoikum ligg mellom paleozoikum og kenozoikum og tyder «mellomdyra», frå den greske forstavinga meso-/μεσο- for «mellom» og zoon/ζωον som tyder «dyr» eller «levande vesen». Han vert ofte kalla «Krypdyra sin tidsalder», etter dinosaurane som dominerte dyrelivet i æraen.

Kontinenta i mesozoikum dreiv sakte frå kvarandre etter å ha vore samla i saman og nærma seg den noverande konfigurasjonen. Kontinentaldrifta førte til artsdanning og andre viktige evolusjonsmessige utviklingslinjer. Klimaet var særleg varmt gjennom perioden og spelte ei viktig rolle for evolusjonen og mangfaldet til nye dyreartar. Mot slutten av æraen var i praksis det moderne dyrelivet på plass.

Geologiske periodar[endre | endre wikiteksten]

Mesozoikum kom etter paleozoikum og varte om lag 180 millionar år. Han starta for 251 millionar år sidan til kenozoikum byrja for 65 millionar år sidan. Dette tidsrommet er delt inn i tre geologiske periodar. Frå eldst til yngst:

  • Trias (251 til 199,6 millionar år sidan)
  • Jura (199,6 til 145,5 millionar år sidan)
  • Kritt (145,5 til 65,5 millionar år sidan)

Den nedre grensa (til trias) er sett til perm-trias-utryddinga, der om lag 90-96 % av alle artar i sjøen og 70 % av alle artar på land døydde ut. Han vert rekna som den største masseutryddinga som nokon gong har skjedd. Den øvre grensa (krittida) er sett til kritt-tertiær-utryddinga, som kan ha vorte skapt av nedslaget som skapte Chicxulub-krateretYucatánhalvøya. Om lag 50 % av alle slekter døydde ut, inkludert alle dinosaurar som ikkje utvikla seg til fuglar.

Tektonikk[endre | endre wikiteksten]

Samanlikna med dei kraftige orogensane i sein paleozoikum på grunn av dei mange kontinenta som kolliderte, så var platetektonikken relativt mild i samanlikning. I løpet av mesozoikum braut det enorme superkontinentet Pangaea gradvis saman i eit nordleg kontinent, Laurasia og eit sørleg kontinent, Gondwana. Dette skapte den passive kontinentalmarginen som kjenneteiknar det meste av kystlinja langs Atlanterhavet i dag.[1]

Mot slutten av æraen hadde kontinenta nesten fått den posisjonen dei har i dag. Laurasia vart Nord-Amerika og Eurasia, medan Gondwana delte seg til Sør-Amerika, Afrika, Australia, Antarktis og Det indiske subkontinentet, som kolliderte med resten av Asia seint i kenozoikum og danna Himalaya.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Trias var generelt tørr, ein trend som starta seint i karbontida, og vêret varierte stort gjennom året, særleg i indre område av Pangaea. Lågt havnivå kan òg ha medverka til ekstreme temperaturar. Med stor spesifikk varmekapasitet fungerer vatn som eit temperaturstabiliserande varmeresrovar og landområda nær store vassmassar, særleg nær hava, får ikkje så store temperatursvingingar. Sidan store område av Pangeae låg langt borte frå havet, vart temperatursvingingane her særs store og Pangea hadde truleg særs store ørkenar i desse indre områda. Dette ser ein igjen i berglaga frå denne tida som består av raude lag og evaporittar som salt.

Havnivå byrja å stige i juratida, som truleg kom av havbotnsspreiing. Danninga av ny skorpe under overflata flytta havvatnet så mykje som 200 meter høgare enn i dag og kystområda vart lagt under vatn. I tillegg byrja Pangea å dele seg opp i mindre bitar slik at større landområde kom i kontakt med havet ved at Tethyshavet oppstod. Temperaturane heldt fram å auke før dei stabiliserte seg. Luftfukta auka òg sidan fleire landområde kom nær havet og ørkenane trekte seg tilbake.

Klimaet i krittida er meir usikkert og omstridt. Meir karbondioksid i atmosfæren kan ha ført til at temperaturskilnaden mellom nord og sør nesten vart heilt utjamna og temperaturane kan ha vore dei same over heile planeten. Middeltemperaturen var òg om lag 10 °C høgare enn i dag. Faktisk kan havområde nær ekvator i mellomkritt vore altfor varme (kanskje 30 °C i djuphavet) til å innehalde liv og landområda nær ekvator kan ha vore ørkenområde trass i nærleiken til havet. Oksygentilførselen til djuphavet kan òg ha stoppa opp. På grunn av dette samla det seg store mengder organisk stoff sidan det ikkje kunne rotne og vart til slutt avsett som svartskifer.

Ikkje all tilgjengeleg informasjon støttar desse hypotesane. Sjølv med så høge temperaturar, bør temperaturskilnadane ha vore store nok til at ein kunne ha hatt iskalottar ved polane, men det finst ikkje spor etter dette. Kvatitative modellar har heller ikkje klart å gjenskape dei flate temperaturgradientane i krittida.

Liv[endre | endre wikiteksten]

At nesten alle dyreartar døydde ut mot slutten av permtida gjorde at mange nye livsformer kunne ta over dei gamle økologiske nisjane. Særleg vart nisjane som dei store plante- og kjøtetande dinocephaliaene etterlet fylt av overlevande cynodontar og dicynodontar, før sistnemnde til slutt døydde ut. Dyrelivet i mesozoikum var derimot dominert av store archosaure krypdyr som dukka opp eit par millionar år etter perm-utryddinga. Dette var dinosaurar, flygeøgler og sjøkrypdyr som fiskeøgler, svaneøgler og mosasaurar.

Klimaendringane seint i jura og i kritt førte til vidare utvikling. Archosaurane var på sitt mest mangfaldige i juratida og dei første fuglane og placentale pattedyra dukka opp. Blomsterplanter utvikla seg ein gong tidleg i krittida, først i tropane, men etter kvart som temperaturtilhøva endra seg spreidde dei seg mot polane. Mot slutten av krittida dominerte dei trefloaren i mange område, men det er funne spor på at biomassen framleis var dominert av konglepalmer og bregner fram til kritt-tertiær-utryddinga.

Enkelte forskarar meiner at insekta utvikla seg i takt med blomsterplantene fordi anatomien til insekta, og særleg munnpartiet verkar så spesielt godt egna for blomsterplanter. Munndelane til dei fleste insekta kom deriomt før blomsterplantene og mangfaldiggjeringa av insekta sakka faktisk av då blomsterplantene dukka opp, så anatomien deira må ha vorte tilpasse for andre føremål.

Etter kvart som temperaturane i havområda auka forsvann dei store dyra i tidleg mesozoikum gradvis medan mindre dyr av alle slag, inkludert øgler, slangar og kanskje forgjengarane til primatane utvikla seg. Kritt-tertiær-utryddinga stogga denne trende. Dei store archosaurane døydde ut, medan fuglar og pattedyr slo seg opp, og danna grunnlaget for dagens dyreliv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stanley, Steven M. Earth System History. New York: W.H. Freeman og Company, 1999. ISBN 0-7167-2882-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mesozoikum
Mesozoikum
Trias Jura Kritt
Fanerozoikum
Paleozoikum Mesozoikum Kenozoikum