Hopp til innhald

Messiana Tómasdóttir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Messiana Tómasdóttir
Statsborgarskap Island
Fødd 1940 (84 år)
Reykjavík

Messiana Tómasdottir (fødd i 1940 i Reykjavík) er ein islandsk scenograf,[1] dokkespelar, figur- og maskemakar og leiar for figurteaterkompaniet Strengjaleikhúsid (Trådteateret).[2] Ho har arbeidd som teaterkunstnar både i Danmark og på Island.[1] I tillegg har ho besøkt ei rekkje andre land i samband med gjestespel og kursverksemd.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Tómasdóttir studerte grafisk kunst på Færøyane frå 1965 til 1967, med grafikaren Elinborg Lützen som lærar. Det påfølgjande studieåret fordjupa ho seg i tekstil ved Det Jydske Kunstakademi i Århus i Danmark. Frå 1968 til 1969 studerte ho scenografi ved den islandske kunst- og handverksskulen.[3]

I 1981 studerte ho figurteater i Charleville-Mézières i Frankrike.[3]

Virke[endre | endre wikiteksten]

I 1982 skipa Tómasdóttir kompaniet Strengjaleikhúsid, eller på engelsk The String Theatre.[3] Året etter sette kompaniet opp Bláa stúlkan (Den blå jenta), som hadde spesialkomponert musikk av Karólína Eiríksdóttir.

Tómasdottir har interessert seg særleg for figurteater for vaksne, blant anna i eksperimentelle produksjonar som Bláa stúlkan (Den blå jenta), som hadde premiere i 1983.[2][3] Noko av det som særprega denne produksjonen, var at den einaste teksten som vart framført var eit lite dikt. Elles vart handlinga til stykket formidla utelukkande gjennom taust dokkespel akkompagnert av musikk komponert av Karolina Eriksdóttir. Tómasdóttir var både instruktør, scenograf og ein av dei tre figurspelarane i produksjonen. NRK TV viste utdrag frå Bláa stúlkan i programmet Pan same året, og intervjua Tómasdóttir om stykket og generelt om arbeidet hennar. Ho fortalde blant anna at ho var svært oppteken av korleis ho brukte farger i produksjonane sine, fordi ved hjelp av farger kunne framsyninga lettare røre tilskodarane på eit djupt plan.[1] Framsyninga vart vist i Oslo i samband med ein festival som vart arrangert av den norske filialen av organisasjonen ASSITEJ i 1984.[3]

Norske Kjell Matheussen er blant figurspelarane som har gått på kurs hos Tómasdóttir.[4]

Tómasdóttir lagar også masker til teaterproduksjonar, og hadde blant anna ansvaret for maskene til Ævintýraóperan Baldursbrá, som hadde premiere i 2015.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «NRK TV - Se Pan» (på norsk). 14. juni 1984. Henta 4. mai 2018. «TC 00:06:49 / AU: "Blaa Stulkan", islandsk dukketeaterforestilling. / Copyright: Ikke oppgitt. TC 00:07:28 / AU: Still Messiana Tomasdottir. / Copyright. Ikke oppgitt. / TC 00:08:01 / AU: "Blaa Stulkan" forts. / Copyright: Ikke oppgitt.» 
  2. 2,0 2,1 Nagy, Peter; Rouyer, Phillippe; Rubin, Don (2013). «Iceland | Puppet Theatre». World Encyclopedia of Contemporary Theatre: Volume 1: Europe (på engelsk). Routledge. ISBN 9781136402968. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Messiana Tomasdottir : Professional information». messiana.is. Henta 5. mai 2018. 
  4. Herman Berthelsen (1987). «Hvem er hvem i norsk kulturliv?». urn.nb.no (på norsk). Dreyer. Henta 4. mai 2018. 
  5. «Siglfirðingur / Baldursbrá frumflutt í Hörpu». www.siglfirdingur.is (på islandsk). 2015. Arkivert frå originalen 5. mai 2018. Henta 4. mai 2018.