Messianske jødar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Messiansk jødedom)
Hopp til navigering Hopp til søk

Messianske jødar er personar av jødisk etnisitet som reknar seg som jødar, sjølv om dei trur at Yeshua (Jesus) er den Messias som profetane talde om.[1] I motsetnad til dei kristne, nyttar dei ikkje namnet Jesus, men det opphavlege hebraiske namnet Yeshua. Nokre messianske jødar held seg til den jødiske lova, andre gjer det ikkje.

Den moderne messianske jødedommen oppstod i USA i 1960-åra, og har sidan spreidd seg til Israel. Ein reknar med at det er mellom 6000 og 15000 messianske jødar i Israel og om lag ein kvart million i USA. [2]

I kristne oldkyrkja var det mange jødisk-kristne forsamlingar, men etter kvart kravde kyrkja at medlemene i kyrkjelyden skulle bryte med jødedommen.[3] For dei fleste jødar er det å la seg døype til kristen tru eit brot med jødedommen, og andre retningar innanfor jødisk religion, frå ortodoks til progressiv jødedom, er samde om at den religionen desse gruppene praktiserer, ikkje er foreinleg med jødisk religion.[4]


Referansar[endre | endre wikiteksten]