Messieurs les noyés de la Seine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Messieurs les noyés de la Seine»
Singel av Fud Leclerc
Land Belgia
Språk Fransk
Utgjeve 1956
Låtskrivar(ar) Robert Montal
«Messieurs les noyés de la Seine»
Eurovision Song Contest 1956
Land Belgia
Artist(ar) Fud Leclerc
Språk Fransk
Låtskrivar(ar) Robert Montal
Resultat
Finalepoeng N/A1
Finaleplass N/A1
Belgia i Eurovision Song Contest
«Messieurs les noyés de la Seine» «Le plus beau jour de ma vie»
(1956)

«Messieurs les noyés de la Seine» (fransk for Karane som drukna i Seinen) var eit av dei to belgiske bidraga i Eurovision Song Contest 1956, framført på fransk av Fud Leclerc.

Eurovision Song Contest 1956[endre | endre wikiteksten]

«Messieurs les noyés de la Seine», framført av Fud Leclerc, vann Grand Prix de la Chanson Européenne, den belgiske uttakinga til Eurovision Song Contest 1956, saman med songen «Le plus beau jour de ma vie» av Mony Marc. Dei to bidraga fekk dimed representere Belgia i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest.

Songen starta som nummer tre i finalen, etter Sveits med «Das alte Karussell» av Lys Assia og før Vest-Tyskland med «Im Wartesaal zum großen Glück» av Walter Andreas Schwarz. Ein veit ikkje kva for plass bidraget enda på av di det ikkje vart gjeve nokre poeng og berre vinnaren vart offentleggjord.

Det var det fyrste bidraget med tekst på fransk.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

1.^ Det vart ikkje gjeve nokon poeng og berre vinnaren vart offentleggjord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]