Hopp til innhald

Messinía

Messinía
Περιφερειακή ενότητα Μεσσηνίας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
PeriferiPeloponnes
HovudstadKalamáta
Folketal146 080 (2021[1])
Areal2 991 km²
Folketettleik49/km²
Kommunar6
Postnummer24x xx
Retningsnummer272x0, 276x0
BilnummerKM
Heimesidewww.na-messinias.gr

Periferieininga Messinía (gresk Περιφερειακή ενότητα Μεσσηνίας, Periferiakí enótita Messinías), tidlegare òg skrive Messenia, er ei periferieining i Hellas i periferien Peloponnes.[2] Hovudstaden i periferieininga er Kalamáta.

Messinía grensar i aust til fjellet Taýjetos, i nord til elva Néda og Arkadíafjella, i vest til Det joniske havet og i sør til Messiníabukta. Utanfor sørkysten ligg dei tre Inoússesøyane og den vesle øya Venétiko. Av prefektur grensar Messinía til Ilía i nord, Arkadía i nordaust og Lakonía i aust.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Messinía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i seks kommunar.[2]

PeriferieiningKommuneTidlegare
kommune
MessiníaVest-MániAvía
Lévktro
KalamátaKalamáta
Áris
Arfará
Thouría
MessíniMessíni
Epía
Androúsa
Aristoménis
Voufrádes
Ithómi
Petalídi
Tríkorfo
Pýlos-NéstorasPýlos
Koróni
Methóni
Néstoras
Papafléssas
Khiliokhória
TrifylíaKyparissía
Aetós
Avlónas
Gargaliáni
Filiatrá
Tripýla
IkhalíaIkhalía
Andanía
Dório
Íra
Meligalás

I Homer sine episke dikt er dei austlege områda av Messinía under styret til Menelaos av Sparta, medan vestkysten er under neleidane av Pýlos, men etter Menelaos døydde vart grensa til Messinía pressa så lang aust som til Taýjetos.

Kart over Messinía i antikken.

Dorianarar kom etter kvart til området, men den rike jorda og det gode klimaet gjorde at Sparta ønska området, og det braut ut krig, der mellom anna den spartanske kongen Teleklos vart myrda av messinianarane. Det heile enda likevel med at Messinía vart ein del av Sparta (om lag 720 fvt.). To generasjonar seinare gjorde messinianarane opprør og med Aristomenes som leiar heldt dei spartanarane unna i 17 år (648—631 fvt., ifølgje Grote). Festninga Íra fall derimot etter ei omleiring som varte elleve år.

Det neste opprøret braut i 464 fvt., då eit kraftig jordskjelv øydela Sparta og tok mange liv. Opprørarane forsvarte seg sjølv i nokre år ved Ithómi, som dei hadde gjort under den første krigen, men dei måtte til slutt forlate Peloponnes. Etter slaget ved Levktra (371 fvt.) inviterte Epaminondas messininarar i eksil i Italia, Sicilia, Afrika og andre stader tilbake til landet sitt. Byen Messíni vart grunnlagd 369 fvt. og vart hovudstad i landet, og som Megalopolis i Arkadia, vart eit mektig hinder for Sparta. Andre byar vart òg grunnlagd på denne tida, men mykje av landområda rundt var tynt folkesett. Sjølv om dei var forholdsvis sjølvstendige vart ikkje Messinía ei verkrleg stormakt og klarte seg ikkje utan hjelp utanfrå.

Etter kvart vart Messinía allierte av Filip II av Makedonia og tok ikkje del i slaget ved Khaeronea (338 fvt.). Dei vart så med i Det akhaiske forbundet. Filip V sende Demetrios av Faros for å erobre Messíni, men tapte og mista livet. Like etter klarte den spartanske tyrannen Nabis å erobre byen, men måtte forlate byen då Filopoemen og megalopolitanarane erobra byen. Under den påfølgjande krigen med Det akhaiske forbundet vart Filopoemen fanga og avretta av messininarane (183 fvt.), men Lykortas tok byen igjen året etter, og han vart igjen ein del av Det akhaiske forbundet.

I 146 fvt. kom Messinía, i lag med dei andre greske statane, inn under Romarriket, og seinare vart det ein del av Austromarriket. Seinare igjen vart det invadert av slavarar.

I mellomalderen vart Messinía ein del av Frankarriket. Det meste av Messinía vart erobra av Det osmanske riket på 1400-talet, men eit lite området vart verande ein del av Republikken Venezia. I 1680-åra vart heile Messinía erobra av Venezia, før osmanarane igjen tok over i 1730-åra. Messinía vart igjen ein del av Hellas under den greske sjølvstendekrigen i 1821. Eit av dei mest kjende slaga under krigen var slaget ved Navarino, der den tyrkiske flåten tapte.

På 1800-talet betra dei økonomiske tilhøva seg i Messinía, men mange emigrerte til større greske byar og til utlandet.

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

TettstadKommuneFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
KalamátaKalamáta54 10057 706
MessíniMessíni6 0655 744
KyparissíaTrifylía5 1314 893
GargaliániTrifylía5 0074 399
FiliatráTrifylía5 9694 373
KhóraPýlos-Néstoras3 4542 581
PýlosPýlos-Néstoras2 3452 222
Paralía VérgasKalamáta1 9661 949
MeligalásIkhalía1 2961 228
KoróniPýlos-Néstoras1 3971 187
PetalídiMessíni1 0651 053
ArfaráKalamáta1 177974
ThouríaKalamáta884926
MethóniPýlos-Néstoras1 103910

Klima er varmt med temperaturar noko høgare enn i Aten. Det er ikkje vanleg med snø om vinteren, bortsett frå dei høgaste fjella som Taýjetos.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

37°15′N 21°50′E / 37.250°N 21.833°E / 37.250; 21.833