Messiníabukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Messiníabukta
bukt
Land  Hellas
Del av Det joniske havet
Kart
Messiníabukta
36°51′40″N 22°03′39″E / 36.861111111111°N 22.060833333333°E / 36.861111111111; 22.060833333333
Wikimedia Commons: Messenian Gulf
Utsyn over Messiníabukta.
Kart som viser Messiníabukta i Hellas.

Messiníabukta (gresk Μεσσηνιακός Κόλπος Messiniakós Kólpos) er ei bukt i Det joniske havet i Hellas. Bukta ligg mellom periferieininga Messinía og den sørvestlege delen av Lakonía. Fjellet Taýjetos ligg aust for bukta og er omringa av åsar. Fleire fjell dekkjer dei vestlege delane og jordbruksområde, som er ein del av Pámisossletta, ligg i nord. Elva Pámisos munnar ut inst i bukta.

Hamnebyen Kalamáta ligg i nordaust og den kjende Diroúgrotta ligg i søraust.

Messiníabukta greser til øya Venétiko i vest og neset Ténaro i søraust.

Stader ved bukta[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]