Messingåga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Messingåga (sørsamisk Siejphjohke) er eit 50,67 km² vassdrag i Dunderlandsdalen i Rana kommune, som frå sør munnar ut som ei sideelv til Ranelva ved Hjartåsen i grenda Storvoll.

Vassdraget må ikkje forvekslast med ei anna elv, òg kalla Messingåga, som munnar ut i Ranelva frå aust, sør for Messingsletta like nord for Dunderland.

Frå Kjerringvatnet renn Kjerringelva (sørsamisk Áhkajohka) austover. Denne elva møter Jarfjellbekken, som renn nordover frå Jarfjelltjønna gjennom Austerskardet, nord for Kopparvatnet. Messingåga startar ved Elivollan (sørsamisk Seaibbetgieddi), der Kjerringelva og Jarfjellbekken møter kvarandre.

Vassdraget renn nordover gjennom Messingdalen, aust for fjellet Messingen, og tar undervegs opp i seg fleire bekkar.

På veg nordover tar vassdraget frå vest opp i seg fem bekkar frå Jarfjellet, og frå aust fem bekkar frå Kjerringfjellet (sørsamisk Stuorra Áhkavárre) og ein bekk frå Harafjellet.

Messingåga renn gjennom eit moreneterreng med innslag av breelvavsetningar. Mot kopparvatnet finst eit åslendt moreneterreng (dødisterreng).

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.