Meta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Meta er eit gresk ord som er nytta som førelekk i ei lang rad vitskaplege omgrep, ofte nytta i diskurs og litteraturvitskap. Ordet har fleire tydingar, men tolkast ofte som 'attmed' eller 'i følgje med'. Det kan og tyde 'imellom', etter samanhangen.

I norsk kan ein nytte ordet som førelekk når ein skal nemne eit emne som omhandlar seg sjølve. Ein «meta»-diskusjon er soleis ein diskusjon om sjølve diskusjonen, eller det å diskutere. «Metateater» inneber tanken om eit teater som drøftar sjølve teatret eller skodespelet (mellom anna nytta humoristisk av Monty Python). Slik kan ein og snakke om meta-ironi (ironisering over ironien). Hjå Platon kan ein på same vis snakke om ein meta-innsikt (innsikt i innsikta).

Ord med «meta» som førelekk[endre | endre wikiteksten]