Meta, Inc.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Meta, Inc.
Meta Platforms Inc. logo.svg
Meta Platforms Headquarters Menlo Park California.jpg
Tidlegare namnFacebook, Inc.
(2004–2021)
SelskapsformDelaware-selskap Sjå dette på Wikidata
Skipa4. januar 2004; 18 år sidan (2004-01-04)
DotterselskapReality Labs, Facebook (Israel), WhatsApp LLC, Facebook Ireland Limited, Onavo, Novi Financial, PlayGiga, Beat Games, Mapillary, Oversight Board, Cassin Networks ApS, Instagram, Facebook AI Research Sjå dette på Wikidata
EigarMark Zuckerberg, Dustin Moskovitz, Eduardo Saverin, Mark Zuckerberg, Dustin Moskovitz, Eduardo Saverin, BlackRock Sjå dette på Wikidata
Bransjeinformasjonsteknologi
TenesterFacebook
Instagram
Messenger
WhatsApp
Oculus
Mapillary
Workplace
Portal
Diem
LandUSA Sjå dette på Wikidata
HovudkontorMenlo Park, California, USA
Tilsette60 654 (31. mars 2021)
Resultat29 146 000 000 US-dollar Sjå dette på Wikidata
Nettstadabout.facebook.com

Meta Platforms, Inc., kjent som Facebook, Inc. fram til 28. oktober 2021, er eit amerikansk fleirnasjonalt teknologikonsern med hovudkontor i Menlo Park, California. Det er morselskapet til Facebook og dotterselskapa til tenesta. Det er eit av verdas mest verdifulle selskap og er rekna som ein av «dei fem store» IT-selskapa i USA, saman med Amazon, Alphabet, Apple og Microsoft. Selskapet genererer dei fleste av inntektene ved sal av annonseplasseringar til marknadsførarar.

Meta tilbyr andre produkt og tenester, inkludert Facebook Messenger, Facebook Watch og Facebook Portal. Det har også kjøpt opp Giphy og Mapillary, og eig 9,99 % av aksjane i Jio Platforms.[treng kjelde]

I oktober 2021 rapporterte medium at morselskapet til Facebook hadde planar om å endre namnet til å «reflektere fokuset på å byggje opp eit metavers». Selskapet skifta namn til Meta seinare same månad, den 28. oktober. Namnet «Meta» kjem av gresk og tyder 'bortanfor', som indikerer det futuristiske motivet bak.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Facebook skifter selskapsnavn til Meta». E24. 28. oktober 2021. Henta 29. oktober 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]