Metakarpofalangealledd

Metakarpofalangealledda (articulationes metacarpophalangeae), ofte forkorta til MCP-ledda, er dei ledda som koplar mellomhandsknoklane til falangane i fingrane. Dei dannar med andre ord fingerknokane mellom handa og fingrane. Desse eggledda blir forma ved at leddknokane i mellomhandsbeina fyller ut innoverkrumminga i den proksimale enden av grunnfalangane. Unnataket er grunnleddet i tommelfingeren, som er eit hengselledd.
Struktur
[endre | endre wikiteksten]
Leddband
[endre | endre wikiteksten]Av leddband i fingrane finn ein volarplatene i interfalangeal- og metakarpofalangealledda og kollateralligamenta i metakarpofalangealledda.
Dorsale overflater
[endre | endre wikiteksten]Dei dorsale leddoverflatene er kledd med utvidingar av ekstensorsenene, i tillegg til noko laust bindevev som festar seg til dei djupe overflatene av senene i knoklane.
Funksjon
[endre | endre wikiteksten]Rørsle i desse ledda skjer gjennom fleksjon, ekstensjon, adduksjon, abduksjon og sirkumduksjon. Abduksjon og adduksjon er i stor grad avgrensa, og er umogeleg når fingrane er forma som ein knyttneve.
Musklane som styrer fleksjon og ekstensjon er:
Område | Fleksjon | Ekstensjon |
fingrar | flexor digitorum superficialis og profundus, lumbrikalar og interossar, og flexor digiti minimi brevis som støtter veslefingeren | extensor digitorum communis, extensor indicis proprius, og extensor digiti minimi proprius |
tommel | flexor pollicis longus og brevis | extensor pollicis longus og brevis |
Klinisk relevans
[endre | endre wikiteksten]Leddbetennelse i metakarpofalangealleddet er eit kjenneteikn ved leddgikt, til skilnad frå osteoartritt, som kjenneteiknar dei ytre interfalangealledda.
Andre dyr
[endre | endre wikiteksten]Kodeledd er det tilstavarande leddet hjå mange firbeiningar, særleg hestar og hovdyr.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen har bygd inn tekst frå ei offentleg utgåve av Gray's Anatomy.
- Denne artikkelen bygger på «Metacarpophalangeal joint» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2015.