Metan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Molekylstruktur for metan
3D-modell av eit metanmolekyl

Fakta

Lewis-struktur:

    H  
    |  
  H-C-H
    |  
    H  
Namn Metan
Kjemisk formel CH4
Smeltepunkt -184°C
Kokepunkt -161,5°C
Formelvekt 16.04
Synonym Sumpgass, Metylhydrid
CAS-nummer 74-82-8

Metan (CH4) er eit organisk molekyl som består av eitt karbonatom og fire hydrogenatom, med andre ord eit hydrokarbon. Strukturen er tetraedisk. Metan er det enklaste av alkana.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Metan i gassform er lettare enn luft, fargelaus, luktfri og brannfarleg. Blanding av metan og luft kan vera eksplosiv og har mellom anna forårsaka mange alvorlege gruveulykker i historia.

I motsetnad til dei andre enkle alkana (etan, propan og butan) kan ein ikkje omdanne metan til væske ved høgt trykk. Metan kallast difor ein tørrgass.

Metan er i gassform under dei fleste tilhøve og reknast som ein av drivhusgassane. Metan er meir effektiv som drivhusgass enn karbondioksid.

Bruk av metan[endre | endre wikiteksten]

Metan brukast som varmekjelde i bustader og til forbrenning i industrien, mellom anna ved energiproduksjon i gasskraftverk. I Noreg er bruken av gass for oppvarming og matlaging i private bustader førebels ikkje så vanleg, men aukar stadig.

Metan er hovudelement i produksjon av metanol.

Som ein hovudkomponent i naturgass er metan nyttbart som drivstoff. Forbrenning av eitt metanmolekyl i eit miljø der oksygen er til stades, produserer eitt molekyl med CO2 (karbondioksid) og to molekyl H2O (vatn):

CH4 + 2O2 → CO2 + 2H2O

Førekomst og danning av metan[endre | endre wikiteksten]

Metan er eit av hovudelementa i jorda si atmosfære og spelar ei rolle under utforminga av nattlege skyer. Metan er òg eit hovudelement i atmosfæren rundt andre planetar, som til dømes Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun. Til tross for det låge kokepunktet på 162 minusgrader finn ein likevel metan i fast form som is på enkelte månar og planetar i solsystemet.

Metan dannast i naturen ved at organisk materiale (plante- og dyrerestar) rotnar. Ein får òg danna metan ved nedbryting av søppel og husdyrgjødsel, noko som har ført til eksplosjonsulykker og brannar på gardsbruk og søppelplassar. Som ein kuriositet kan nemnast at ei ku produserer i snitt 500 liter metangass i løpet av ein dag.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


 

Alkan

metan
CH4

|
 

etan
C2H6

|
 

propan
C3H8

|
 

butan
C4H10

|
 

pentan
C5H12

|
 

heksan
C6H14

heptan
C7H16

|
 

oktan
C8H18

|
 

nonan
C9H20

|
 

dekan
C10H22

|
 

undekan
C11H24

|
 

dodekan
C12H26

 

tridekan
C13H28

|
 

tetradekan
C14H30

|
 

pentadekan
C15H32

|
 

heksadekan
C16H34

|
 

heptadekan
C17H36

|
 

oktadekan
C18H38

 

nonadecane
C19H40

|
 

eicosan
C20H42

|
 

heneicosan
C21H44

|
 

docosan
C22H46

|
 

tricosan
C23H48

|
 

tetracosan
C24H50

 

pentacosan
C25H52

|
 

heksacosan
C26H54

|
 

heptacosan
C27H56

|
 

oktacosan
C28H58

|
 

nonacosan
C29H60

|
 

triacontan
C30H62

 

hentriacontan
C31H64

|
 

dotriacontan
C32H66

|
 

tritriacontan
C33H68

|
 

tetratriacontan
C34H70

|
 

pentatriacontan
C35H72

|
 

heksatriacontan
C36H74

 

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Metan