Meteorologisk rakett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein meteorologisk rakett eller ein rakettsonde er ein rakett konstruert for rutinemessige målingar av meteorologiske forhold i den øvre atmosfæren. Ein nyttar særleg slike rakettar for å studere luftlaget frå kring 30 km og opp til kring 75 km. Dette er over høgda som vanlege vêrballongar med radiosondar kan nå.

Ein typisk rakett er 3,7 meter høg og er driven av ein rakettmotor av faststoff med ein diameter på 10 cm. Rakettmotoren vert kasta i ei høgd på 1500 meter og resten av rakettsonden vert kasta opp til det høgaste punktet. Det høgaste punktet kan setjast til mellom 20 km og 113 km opp i lufta.

Dei meteorologiske instrumenta måler temperatur, fukt, vindstyrke og vindretning, vindskjer, lufttrykk og lufttettleik. Posisjonsdata (høgd, breiddegrad/lengdegrad) kan òg registrerast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«meteorologisk rakett» i Store norske leksikon, snl.no.