Metodisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Metodismen er ei retning innan kristendommen med om lag 70 millionar tilhengjarar (1999). Metodistane omfattar i dag fleire kyrkjer, der mange samarbeider i World Methodist Council.

Den største kyrkja er United Methodist Church med ca. 14 mill. medlemer over heile verda. Metodistkyrkjene i Skandinavia høyrer til denne kyrkja.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Metodismen har sitt opphav i forkynninga til brørne John Wesley og Charles Wesley1700-talet. Brørne Wesley var ordinert som prestar i Den anglikanske kyrkje og hadde arbeida som misjonærar i Nord-Amerika. John Wesley hadde blitt skuffa over det han hadde utretta der og følte at det hadde vore til lita nytte. Under ein gudsteneste i London opplevde han ei form for personleg vekkinga og dette blei eit stort gjennombrot. Han vart no oppteken av å forkynne bodskapen for alle.

Metodismen sin grunnleggjar John Wesley (1703 - 1791) opplevde pinsen si kraft, sjølv om han levde lenge før pinsebevegelsen sin «fødsel» i 1906. Det forteljast om høglydt latter og om menneskjer som fall i golvet under den Heilage Ånd si kraft. Også tungetale skjedde. Wesley var overtydd om at dette var frå Gud, sjølv om fleire metodistar var skeptiske.

Wesley-brørne og dei som dei forkynte for, danna etterkvart fleire grupper og bygde eigne kapell.forkynninga deira var tildels prega av kritikk mot kyrkja. Dei skulda kyrkja for ikkje å gjere nok for menneske som hadde ein vanskeleg livssituasjon. Dei vart heller ikkje godt motteken av kyrkja, og dei vart utestengd frå å halde gudstenester. Seinare gjekk nokre av medlemane vekk og organiserte eigne kyrkjer. Wesley-brørne vart likevel aldri utmelde av den anglikanske kyrkje.

Metodistane spreidde seg og organiserte grupper fleire steder i verda. Rørsla opplevde også splitting. Ein ting som vart eit stridsspørsmål i tida som følgde, var diskusjonen omkring slaveri.

Nokre av metodistane sine tankar har hatt ein viss påverknad på seinare predikantar og rørsler. Ein kan finne direkte eller indirekte påverknad innan Heilagdomsrørsla, Frelsesarmeen, Pinsevennene og Smiths venner.

Engelske Fred Pratt Green er blant metodistkyrkja sine store salmediktarar. Han er blant anna representert i Norsk Salmebok nr. 98

Lære[endre | endre wikiteksten]

Teologien liknar i utganspunktet den følgd av Den anglikanske kyrkje. Likevel følgjer ein visse av tankane til dei reformerte, og også puritanismen har sett sitt preg. Tanken om at ein skal bli fridd frå synd spelar ei stor rolle. Ein ønskjer å oppnå eit personleg forhold til Kristus og trua. Dei fleste metodistkyrkjer praktiserer barnedåp.

United Methodist Church[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel: United Methodist Church

United Methodist Church er det største metodistsamfunnet, med omkring 11 millionar medlemer i verda. Metodistkyrkjene i Skandinavia er ein del av dette samfunnet, der dei saman med metodistane i Baltikum utgjer eit bispedømme.

Metodismen i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Til Noreg kom metodismen i 1850-åra. Det var sjømannen Ole Peter Petersen fra Fredrikstad som tok med seg metodismen til Noreg. Han hadde i Amerika opplevd eit møte med metodistane der.

Metodistkyrkja si årskonferanse 1902, oppretta Kristiania Bymisjon. Misjonen hadde vekkingsmøte i Kristiania og dreiv også filantropisk verksemd. Dei utgav tidsskriftet Byposten. Thomas Ball Baratt var prest i Første Metodistkyrkje i Kristiania, frå 1898 -1902, og han vart leiar både av bladet og bymisjonen. Det var han fram til 1907, da han gjekk ut av metodistkyrkja og danna pinsevennene. Baratt gjekk ut av kyrkja fordi han ikkje lengre delte synet på åndsdåpen med tunger som teikn (tungetale) og dåpssynet (vaksendåp). Han fekk med seg bladet, Byposten, som seinare vart organ for pinsevennene under namnet Korsets Siger.

I (2006) hadde Metodistkyrkja 13 000 medlemer i Noreg, og det er om lag 50 metodistkyrkjer i Noreg.

Barn og unge[endre | endre wikiteksten]

Metodistkyrkja driv barne- og ungdomsarbeid i dei fleste aldersgrupper. Dei har blant anna eige speidarkorps [1]. Metodistkyrkja har også oppretta eit eige forbund som tar seg av dei unges interesser i kyrkjelydane.[2] Det arrangerast søndagsskule på alle gudstenester, og det vert også srive barne-, ungdoms- og vaksenkor i regi av kyrkjelydane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]