Hopp til innhald

Metriopelia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Metriopelia
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Duefuglar Columbiformes
Familie: Duefamilien Columbidae
Underfamilie: Columbinae
Slekt: Metriopelia
Bonaparte, 1855

Metriopelia er ei biologisk slekt av fuglar i duefamilien Columbidae. Ho omfattar fire artar som er heimhøyrande i Andesfjella i Sør-Amerika. Medlemmene i slekta blir ofte kalla småduer eller fjellduer.

Kjenneteikn

[endre | endre wikiteksten]

Desse fuglane er små duer som har ein totallengd frå 16 til 23 cm. Den minste arten er støvbadedue (M. ceciliae), som berre blir 16-17 cm lang, medan den største er andesdue (M. melanoptera), som blir opptil 22-23 cm. Som typisk for amerikanske småduer har dei ei kompakt kroppsform og manglar prangande farger. Fjørdrakta går hovudsakleg i grått og brune nyansar med svarte flekkar og fjørkantingar. Slekta har ikkje tydeleg kjønnsdimorfisme, slik ein ser hos dei nærskylde Claravis-duene. Ein av artane, støvbadedue har lyse fjørkantar som gjev ein flekka utsjånad.[1] Hos tre av artane er huda kring auga berr i oransje farge.[1][2][3]

Slekta finst frå Colombia i nord til Storøya i Eldlandet i sør, hovudsakleg langs Andesfjella, fjellkjeda som strekkjer seg langs heile vestkanten av Sør-Amerika. I sør lever dei òg i mindre grad på den patagonske steppa. Støvbadedua og gullflekkdua lever i Peru, Bolivia og Chile. Tucumandua finst på høglandslettene i nordvestlege Argentina, medan andesdua held til i puna-regionen i Sør-Amerika, inkludert Peru, Bolivia, Chile, Ecuador og vestlege Argentina.

Desse artane lever hovudsakleg i høglandet. Støvbadedua og andesdua lever i tørre høgsletter og fjelldalar i Andes, der andesdua særleg finst langs skogkledde fjellsider. Gullflekkdua er den arten som lever i dei høgaste områda og er observert over 4 500 moh., men òg ned til 300 moh.[4]

Fuglane lever i tørre og kalde miljø, ofte i høgder over tregrensa, der dei er dei einaste dueartane som toler dei barske tilhøva. Dei er bakkelevande og har god kamuflasje. Dei lever i flokkar som søkjer frø på bakken i opne landskap. Reira blir plasserte i bratte skrentar eller juv. Støvbadedua og tucumandua hekkar i holer, anten i treholer, fjellsprekkar eller jordholer.[1][2] Støvbadedua hekkar òg innanfor busetnader, der ho kan plassere reiret i murhol og sprekkar i veggar.[1] Andesdua hekkar på Tierra del Fuego.[3]

Taksonomi og artsoversyn

[endre | endre wikiteksten]

Slekt Metriopelia i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024,[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6][7]

  • Støvbadedue, Metriopelia ceciliae, Bare-faced Ground Dove, (Lesson, RP, 1845), (LC)
16–17 cm, 2000-4500 moh., lågare i vestlege Peru, puna og tørre økosonar. Peru, Bolivia og marginalt inni Argentina
  • Tucumandue, Metriopelia morenoi, Moreno's Ground Dove, (Sharpe, 1902), (LC)
17 cm, 1800 til 3200 moh. Nordvest-Argentina
  • Andesdue, Metriopelia melanoptera, Black-winged Ground Dove, (Molina, 1782), (LC)
21–23 cm, 600–4400 moh., Ecuador og tilgrensande Colombia, puna i Peru, Bolivia og Chile, sørover i Argentina og Chile til Eldlandet
  • Gullflekkdue, Metriopelia aymara, Golden-spotted Ground Dove, (Prévost, 1840), (LC)

17–19 cm, avvikande utsjånad i slekta, manglar berr augeflekk. 300-5000 moh. typisk over 4500 moh. i Andes, lever i Peru, Bolivia, Chile, Argentina

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Baptista, L. F., P. W. Trail, H. M. Horblit, P. F. D. Boesman, og E. Garcia (2024). Bare-faced Ground Dove (Metriopelia ceciliae), version 1.1. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, E. de Juana, og F. Medrano, reds.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.bfgdov1.01.1
  2. 2,0 2,1 Baptista, L. F., P. W. Trail, H. M. Horblit, P. F. D. Boesman, og E. Garcia (2020). Bare-eyed Ground Dove (Metriopelia morenoi), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, reds.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.begdov1.01
  3. 3,0 3,1 Baptista, L. F., P. W. Trail, H. M. Horblit, G. M. Kirwan, P. F. D. Boesman, og E. Garcia (2024). Black-winged Ground Dove (Metriopelia melanoptera), version 1.1. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, E. de Juana, og F. Medrano, reds.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.bwgdov1.01.1
  4. Baptista, L. F., P. W. Trail, H. M. Horblit, P. F. D. Boesman, og E. Garcia (2024). Golden-spotted Ground Dove (Metriopelia aymara), version 1.1. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, reds.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.gsgdov1.01.1
  5. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2024. IOC World Bird List (v14.1). doi : 10.14344/IOC.ML.14.1 Henta 25. august 2024
  6. «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 11. november 2024. 
  7. Birdlife International, Søk på Metriopelia

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Metriopelia