Tunnelbane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Metro)
Nationaltheatret T-banestasjon i Oslo. Merk straumskjena på venstre side av toget. Skjena er verna med eit gult vernedeksel som er opent på undersida, der straumavtakarane på toget stryk langs straumskjena.
Sporvekslarar og straumskjener ved overgangen frå tunnel til høgbane på metroen i København ved Islands Brygge.
T-banetog kan òg gå på hjul med gummidekk, slik dette toget på line 1 på metroen i Paris syner eit døme på.
T-banetog (subway train) i New York.

Tunnelbane, forkorta T-bane, òg kalla undergrunn og metro, er ein jarnbane for persontransport i by, og som for det meste går i tunnel under byen og med stasjonane under jorda. I Noreg er det berre Oslo som har T-bane.

T-banane er vanlegvis kjenneteikna av dei er dobbeltspora og at toga får straumen gjennom ei straumskjene festa til svillene, ikkje ved leidning i lufta. Då det er fleire straumavtakarar på båe sider på kvart tog, kan straumskjenene ha avbrot der det er naudsynt, til dømes i pensar (sporveksel) og andre stader, og det kan vekslast mellom straumskjene på venstre og høgre side. Alle T-banelinene i Oslo har no straumskjene i staden for luftleidning. Tidlegare var luftleidning nytta på dei gamle linene mot vest.

Det er vanskeleg å trekke absolutte skilje mellom sporvogn, bybane, T-bane, forstadsbane og vanleg jarnbane. Til liks med mange T-banar, kan til dømes T-banen i Oslo sjåast som ei blanding av T-bane og vanleg lokaljarnbane: Banen går i tunnel på lange strekningar, men utanfor bykjernen likevel mest over jorda på eigen trasé, og sporvidda er den same som på jarnbanen. Men det er likevel ikkje mogleg å køyre vanlege persontog på T-banenettet i Oslo.

T-banelinene i Oslo er utan kryssingar med annan trafikk. Eit unnatak er den gamle, men moderniserte lina til Holmenkollen og vidare til Frognerseteren, som har nokre kryssingar i plan med bilvegar og gangvegar.

T-banar kan ha tog som vert styrte automatisk, utan førarar i toga. Eit døme på dette, er metroen i København.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]