Metroid Prime 3: Corruption

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Metroid Prime 3: Corruption
Metroid-Prime-3-Logo.png
Utviklar(ar)Retro Studios
Nintendo
Utgjevar(ar)Nintendo
Regissør(ar)Mark Pacini
Produsent(ar)Kensuke Tanabe
Komponist(ar)Kenji Yamamoto
SerieMetroid
Plattform(er)Wii
UtgjevingNA: 27. august 2007
EU: 26. oktober 2007
JP: 6. mars 2008
SjangerAction-eventyrspel i førsteperson
SpelemodusEinspelar

Metroid Prime 3: Corruption er eit action-eventyrspel i førsteperson, utvikla av Retro Studios og utgjeve av Nintendo til Wii. Det er ein del av Metroid-serien og det tredje spelet i Metroid Prime-serien. Spelet vart utgjeve i Nord-Amerika og Europa i 2007 og i Japan året etter.

Handlinga i Corruption går føre seg seks månader etter hendingane i Metroid Prime 2: Echoes. Spelet følgjer Samus Aran som konfronterer rompiratar, når dei åtek på flåtestasjonen til Galactic Federation på planeten Norion. Medan dei avverjar åtaket, blir Samus og allierte dusørjegerar infiserte av Phazon av dobbeltgjengaren Dark Samus. Etter å ha mist kontakten med dei andre dusørjegerane, blir Samus send av føderasjonen for å finne ut kva som hende med dei. I løpet av spelet arbeider Samus for å hindre at Phazon spreier seg frå planet til planet, samtidig som ho sakte blir forderva av Phazon sjølv.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Metroid Prime 3: Corruption». Eurogamer. 30. oktober 2007. Henta 12. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]