Metronym

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Metronym eller metronymikon, av gresk meter, 'mor' og onyma, 'namn' er tilnamn, mellomnamn eller etternamn laga av av namnet til mora med eit tillegg som viser slektskapet, i norsk endinga -son eller -dotter, eventuelt -sen, -søn(n) eller -datter.

Bruk i norsk tradisjon[endre | endre wikiteksten]

Metronym er svært sjeldant bruka i Noreg. I staden vart det bruka patronym, også for barn som var fødde utanfor ekteskap og som voks opp i lag med mora. Dersom farskapet var ukjend, kunne metronym bli bruka i staden.

Blant sjeldne døme på metronym i nordisk tradisjon finst Olav Åsteson i «Draumkvedet» og Gunhildsønene frå sogelitteraturen. I den norske kongerekka finn ein Svein Alfivason som eit synonym til Svein Knutsson.

I nyare tid vert barn stundom gjeve metronym som mellomnamn i Noreg.

Metroym som slektsnamn[endre | endre wikiteksten]

I engelsk tradisjon kunne barn av ugifte mødrer eller barn fødde etter at faren doydde få metronym som etternamn. Andre grunnar til å bruka metronym kunne vera at faren sitt namn var utanlandsk, vanskeleg å uttala, eller hadde ei uønskt tyding. Ein kunne også bruka metronym for å unngå forveksling med naboar og slektningar, om mora hadde ein særs sterk vilje eller høg status. Det finst døme på at kongeleg brukte metronym for å støtta krava sine på trona - til dømes var den eldste sonen til Matilda eller Maud av England kjend som Henry FitzEmpress (der -fitz tyder 'son av', frå latin filius), fordi ho var tysk-romersk keisarinne eller empress. Etternamnet Dyson ført tilbake til ei Dionissia som levde rundt 1300.[1] Andre metronyme slektsnamn er Babbs, Beaton, Custer, Hilliard, Ibbetson, Parnell, Maude, Marriott, Megson og Tiffany.[2][3]

Island er bruk av patronym hovudregelen, men det finst døme på bruk av metronym. Fotballspelaren Heiðar Helguson heitte i oppveksten Heiðar Sigurjónsson, men tok sidan etternamn etter mora Helga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mary Ann Whatmore (nee Dyson) 1876 -1936 and the DNA of her male ancestors Arkivert 2010-11-24 ved Wayback Machine., oppgjev Sykes, Bryan (2003), Adam’s Curse, Bantam Press
  2. Hey, David (1997). «metronymic». The Oxford Dictionary of Local and Family History. Oxford University Press. 
  3. Bowman, William Dodgson. The Story of Surnames. London, George Routledge & Sons, Ltd., 1932. No ISBN.