Metropol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tokyo i Japan er den største byen i verda.
New York City er den største byen i USA.
Paris er den største byen i Frankrike.

Metropol kan vera ein storby eller ein konurbasjon som har stor økonomisk, politisk og kulturell tyding for eit land eller ein region, og som er eit regionalt eller nasjonalt knutepunkt for næringsliv og offentlege kommunikasjonar og tenester. Omgrepet kjem av gresk metropolis (μητρόπολις) og tyder «moderby» i ein koloni i antikk forstand, dvs. ein by som sender ut busetjarar. Tydinga blei etterkvart generalisert til ein kvar by som var sentrum for ein viss aktivitet, eller ein kvar stor og viktig by innanfor ein stat. Ein stor by som tilhøyrer ein større tett busetnad blir ikkje sett på som ein metropol, men som ein del av ein (større) metropol eller metropolregion. Det er sterkt varierande definisjonar av kva for byar og område som bør reknast som metropolar.

Etymologi og moderne bruk[endre | endre wikiteksten]

Metropol er eit gresk ord, avleidd frå μήτηρ, mḗtēr, «mor», og πόλις, polis, «by», som er kome til norsk via fransk.[1][2] I antikken utvandra delar av ein gresk by, polis, til ein ny stad og etablerte ein ny by, ein koloni av den gamle. Sistnemnde blei referert til «moderbyen», metropolis, og som den nye byen heldt på kultiske (religiøse) og politiske-kulturelle kontaktar med.

latin blei ordet metropolis nytta i tida etter antikken for å visa til hovudbyen i ein provins, setet til regjeringa, og særleg i kyrkjeleg bruk for setet eller bispedømet til ein metropolitt, det vil seia ein biskop der dei attverande bispedømma i kyrkjeprovinsen blir kalla suffraganbispedømme. Bispedømmet hans blir kalla metropolitanbispedømme og er vanlegvis eit erkebispedømme. Den høgare rangordninga gjeld først og fremst i administrative og rettslege spørsmål; i åndeleg forstand er biskopar og metropolittar sidestilte. I dag er den administrative og rettslege overhøgda til ein katolsk metropolitt stort sett avgrensa til ettersyn.[3]

I dagens moderne samfunn er ordet metropol nytta for å visa til eit storbyområde, det vil seia ei rekkje av tilstøytande og tilknytte byar som ligg klemt opp mot eit større urbant senter. Mange store byar som blei grunnlagde av antikke sivilisasjonar har blitt rekna som viktige metropolar, storbyar, grunna tydinga og den store folkesetnaden deira. Ein del av desse antikke metropolane eksisterer enno og er blant dei eldste, uavbrote folkesette byane i verda. Etter moderne bruk er Roma vurdert som den aller første metropolen. Han hadde rundt ein million innbyggjarar i år 1 og hadde ein urban kultur som omfatta arkitektoniske prestasjonar, som akveduktar, som ikkje blei overgått på fleire hundre år.[4]

I norsk samanheng er det berre byane Oslo,[treng kjelde] Bergen[5] og Trondheim[6] med omkringliggande forstader, som kan reknast som metropolar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «metropol» i Nynorskordboka.
  2. «metropolitan (n.)», Online Etymology Dictionary
  3. Code of Canon Law - §436, Kirkeretten paragraf 436, Vatikanstatens offisielle sider, lovtekst på engelsk, 28.08.2012
  4. Harlow, Mary; Laurence, Ray (4. april 2003): «Old Age in Ancient Rome», History Today
  5. Internasjonal strategi for Bergen 2015-2020 Arkivert 2019-03-27 ved Wayback Machine.. Bergen kommune (PDF). Se avsnitt: Sterke, robuste, fremtidsrettede og nyskapende kompetansemiljø innen mange fagfelt, høye ambisjoner om europeisk og global posisjonering hos ulike lokale og regionale samfunnsaktører og bransjer, bidrar til en uttrykt vilje til å utvikle Bergen som internasjonal vertsby. Bergen ønsker å være en vibrerende by full av opplevelser og markante begivenheter innenfor både idrett, kultur og folkeliv, og da er det avgjørende at byen evner å ta initiativ, planlegge og å gjennomføre og legge til rette for de henvendelser som kommer. Å være en vekstarena handler om byens evne til å omstille seg, finne fleksible løsninger og stå samlet om ulike satsinger. Her vil både det offentlige, frivilligheten, kultur, idrett og næringslivet spille en rolle. Byen kan vises frem på mange nye måter, fremstå som en internasjonal metropol og slik sette byen på en internasjonal begivenhetskalender. Det viktige er at slike begivenheter tar utgangspunkt i bergensregionens fortinn og særegenheter for slik å skape vekst og bærekraft gjennom de ulike satsinger. Besøkt 8. mars 2019.
  6. Norges mest attraktive storby