Mette Frederiksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mette Frederiksen
Mette Frederiksen Kööpenhaminassa 4.5.2022 (52049397038) (cropped).jpg
Fødd19. november 1977 (45 år)
Aalborg
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiSocialdemokratiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
Utdanna vedAalborg Universitet
Københavns Universitet
EktefelleBo Tengberg, Erik Harr

Mette Frederiksen (fødd 19. november 1977) er ein dansk sosialistisk politikar. Ho er leiar for Socialdemokraterne, og har vore statsminister i Danmark sidan juni 2019.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Frederiksen kjem frå Ålborg og er utdanna innan administrasjon samfunnsfag ved universitetet i heimbyen. I tillegg har ho ei masterutdanning i Afrika-studiar frå universitetet i København.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Frederiksen var 24 år gammal da ho blei vald inn i Folketinget i 2001. I 2005 blei ho nestleiar i folketingsgruppa til 2011, og ho var leiar frå 2015 til 2019. Ho var vald frå København 2001–2019 og er frå 2019 vald frå Nordjyllands storkreds.

Ho var arbeidsminister i perioden 2011–2014 og justisminister i perioden 2014–2015 i regjeringa til Helle Thorning-Schmidt. Da Thorning-Schmidt trekte seg etter valnederlaget i 2015, blei Mette Frederiksen ny partileiar for Socialdemokratiet.

Føre valet til Folketinget 2019 utførte Frederiksen ei reorientering av Socialdemokratiet med vekt på forsvar av velferdsstaten kombinert med ein offensiv klimapolitikk og ei innstramming i innvandringspolitikken. Partiet gjorde eit godt val og heldt omtrent stillinga frå valet i 2015, men de andre partia på raud side gjorde alle gode val og sikra fleirtal for venstresida.

Mette Frederiksen tiltredde som dansk statsminister 27. juni 2019 og er den yngste statsministeren i dansk historie. Ho leier ei rein sosialdemokratisk regjering – den første i Danmark sidan 1982. Med berre 48 mandat (av 175) bak seg i Folketinget har regjeringa inngått ein parlamentarisk støtteavtale med Radikale Venstre, Socialistisk Folkeparti og Enhedslisten.

Minksaka[endre | endre wikiteksten]

November 2020, under koronapandemien, valde regjeringa hennar å avliva alle minkane i Danmark, av di ein frykta dei kunne spreia koronasmitte. Dei forsvara avgjersla på bakgrunn av å verna folkehelsa, og at faren for at minkane kunne danna ein ny koronavariant, og dermed redusera effekten til koronavaksinane. I kjølvatnet viste det seg at regjeringa ikkje hadde lovheimel til å avliva minkane.[2] Frederiksen si regjering fekk sterk kritikk frå minkkommisjonen og dei andre partia i Folketinget,[3] tilslutt valte ho å skriva ut eit nyvalg.[4] Partiet hennar – med ho som leiar – fekk ei sterk oppslutning.[5][6] Frederiksen fekk ansvaret for å leia regjeringsforhandlingane.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lauritsen, Vibeke; Allkunne (15. oktober 2021). «Mette Frederiksen». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Mette Frederiksen | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 2. november 2022 
  3. «Minkkommissionen: Grov vildledning af Mette Frederiksen på pressemøde om minkaflivning», DR (på dansk), 30. juni 2022, henta 2. november 2022 
  4. «Liten mink kan velte stor politiker», Dagsavisen (på norsk), henta 2. november 2022 
  5. «Valgresultater 2022 - Mandatfordeling & Personlige stemmer | DR», www.dr.dk (på dansk), henta 2. november 2022 
  6. «Hvem er valgt? Se valgte kandidater og personlige stemmer | DR», www.dr.dk (på dansk), henta 2. november 2022 
  7. «Mette Frederiksen begynner sonderingene fredag – VG Nå: Nyhetsdøgnet», VG Nå (på norsk), henta 2. november 2022 
Spire Denne Danmarkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.