Mette Janson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mette Janson
Fødd 1. mai 1934
Bergen
Død

24. november 2004 (70 år)

Yrke journalist

Mette Henrietta Jane Janson (fødd 1. mai 1934 i Bergen, daud 24. november 2004) var ein norsk journalist. Ho voks opp i Oslo og tok teaterutdanning ved Royal Academy of Dramatic Arts i London. Etter ei tid som praktikant i fjernsynsproduksjon og journalistikk i Detroit og New York, kom ho attende til Noreg i 1959 og vart tilsett som den første kvinnelege medarbeidaren i Dagsrevyen same året. Ho jobba i NRK til ho vart pensjonert i 2001.

Som pensjonist engasjerte Janson seg i Seniorsaken, der ho var generalsekretær og medlem av rådet i organisasjonen. Janson mottok fleire utmerkingar for arbeidet sit, mellom anna Kongens fortjenstmedalje i gull[1] og YS sin likestillingspris. Ho døydde i ein alder av 70 år.

Ho var gift med skodespelaren Magne Bleness og var syster til musikaren Alfred Janson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tildelinger av ordener og medaljer». Kongehuset. Henta 5. februar 2017. 
  • Denne artikkelen bygger på Mette Janson frå Wikipedia på bokmål, utgåva frå 5. februar 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]