Hopp til innhald

Mette Karlsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mette Karlsvik
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd28. november 1978 (47 år)
Frei kommune
YrkeForfattar
Periode2005-
PrisarTarjei Vesaas' debutantpris, Stig Sæterbakkens minnepris, Sigmund Skard-stipendet
DebutVindauga i matsalen vender mot fjorden

Mette Karlsvik (fødd 28. november 1978)[1] er ein norsk forfattar som debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden. Ho vart tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris for 2005.[2] Andre romanen hennar heiter Flytårn og kom ut i 2007.

Karlsvik har biletkunst-, journalistikk-, og illustrasjonsutdanning, arbeider som frilansjournalist, og har skrive, fotografert og teikna for diverse tidsskrift og andre publikasjonar. Ho er oppvaksen i Frei kommune på Nordmøre.

  • 2005 – Vindauga i matsalen vender mot fjorden (roman, Samlaget)
  • 2007 – Flytårn (roman, Samlaget)
  • 2008 – Pol (roman, Samlaget)
  • 2009 – 1-2-TRE (barneroman, Samlaget)
  • 2011 – Bli Björk (roman, Samlaget)
  • 2011 – Post Oske. Dagar og netter i Reykjavik (dokumentar, Flamme Forlag)
  • 2012 – Vis meg ditt bibliotek (intervjubok, for Bergen Offentlige Bibliotek / Bergen Leser 2012)
  • 2012 – Prinsland (roman, Magikon Forlag)
  • 2013 – Øy/Ey (dikt, House of Foundation)
  • 2013 – Vekstvilkår (essay, Spriten Forlag)
  • 2013 – Dyrebar (roman, Magikon Forlag)
  • 2014 – Den beste hausten er etter monsun (roman, Samlaget)
  • 2015 – UR (dikt, Spriten Forlag)
  • 2016 – Varmá (roman, Samlaget)
  • 2017 – Mørkerom (roman, Samlaget)
  • 2018 – Kjøt (teikneserieroman, Magikon Forlag)
  • 2019 – Meieriet (roman, Samlaget)
  • 2021 – Same tid neste veke : samtaler med Thorvald Steen (Pax)
  • 2022 – Surtsey (Roman, Samlaget)

Prisar og stipend

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ ««Mette Karlsvik»». forfatterkatalogen.no. Henta 11. april 2012.
  2. ↑ Maria Børja (24. februar 2006). ««Hun er Norges beste debutant»». dagbladet.no. Henta 8. august 2013.
  3. ↑ Dag H. Nestegard (17. august 2011). ««Skard-stipendet til Karlsvik»». Nettstaden til Bok&Samfunn. Henta 20. august 2013. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |utgjevar= (hjelp)
  4. ↑ «Stig Sæterbakkens Minnepris 2012 til Mette Karlsvik». Nettstaden til Det Norske Samlaget. 5. september 2012.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]