Metula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Metula
מְטֻלָּה, מטולה, Metulla
lokal kommune
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 33°16′44″N 35°34′28″E / 33.27889°N 35.57444°E / 33.27889; 35.57444
Areal 9,4 km²
Folketal 1 466  (2008)[1]
Folketettleik 156 / km²
Grunnlagd 1896
Borgarmeister Herzel Boker
Kart
Metula
33°16′44″N 35°34′36″E / 33.278888888889°N 35.576666666667°E / 33.278888888889; 35.576666666667
Wikimedia Commons: Metula
Nettstad: http://www.metulla.muni.il/

Metula (hebraisk מְטֻלָּה) er ein by i Det nordlege distriktet i Israel. Metula ligg mellom dei bibelske byane Dan, Abel Bet Maacah og Ijon og grensa til Libanon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne spor etter busetnader frå antikken her, inkludert vinpresser og mosaikkgolv.[2] Ein gravstad her som vart undersøkt i 1967 omfatta minst fire graver frå seint på 200-talet til seint på 500-talet.[2]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

I 1816 vitja den reisande Buckingham «ein stor landsby kalla Metully, hovudsakleg busett av drusarar».[3] I 1875 skildra Guérin Methelleh eller Metelleh som ein landsby med ei kjelde, busett av drusarar frå Hauran som dyrka ein hage i aust.[4] Kort tid etter registrerte Survey of Western Palestine «El Mutallah: Ein liten landsby, bygd av stein, busett av kring 100 drusarar, i ei åsside, nær ei elv og omgjeve av dyrkbar mark.»[5]

Grunnlegginga av den jødiske moshava[endre | endre wikiteksten]

Då drusaropprøret i 1895 braut ut, vart mennene i Mutallah med i opprøret. Sidan kvinnene ikkje klarte å drive arbeidet i landsbyen, selde eigaren av landområda, ein kristen frå Sidon kalla Jabur Bey, 12 800 dekar land til sjefsoffiseren til baron de Rothschild, Josva Ossovetski.[6][7] Landsbyen hadde vore busett og oppdyrka av meir enn 600 drusarar forpaktarar. Då drusaropprøret vart slege ned, kom mennene attende og kravde forpaktarrettane sine attende.[7] Ossovetski kalla inn dei tyrkiske styresmaktene, som kom for å arresterte drusarane som desertørar og opprørar, medan Ossovetski gav dei tilbod om ein ussel kompensasjon for å forlate landområdet.[7] Mange var misnøgde og åtte år med feidar og valdelege samanstøytar følgde.[7] Til slutt vart det kome fram til ei semje mellom landsbybuarane og Jewish Colonization Association i 1904 for ein ytterlegare sum på 60 000 francs (3 000 tyrkiske pund).[7][8][9] Denne episoden førte til mykje kritikk av metodane til agentane til Rothschild, inkludert somme frå andre sionistar som Ahad Ha'am.[7][9][10]

Den jødiske busetnaden vart grunnlagd i juni 1896 av 60 bondefamiliar frå meir etablerte samfunn og 20 familiar som ikkje var bønder. Dei fleste grunnleggjarane var emigrantar frå Russland. Pionerar (halutzim) frå Petah Tikva slo seg òg ned i Metula, og det same gjorde somme forskarar frå Safed.[treng kjelde]

Mandattida[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av fyrste verdskrigen var Metula under fransk okkupasjon.[11] Grenseavtalen mellom Storbritannia og Frankrike i 1920 førte til at Metula hamna i Palestina, men det var først i 1924 at britane tok over den fulle kontrollen over området.[11] I mellomtida tok innbyggjarane i Metula til og med del i val for det libanesiske parlamentet.[11]

Den britiske sionisten Norman Bentwich skreiv i 1919:

«Metullah, den nordlegaste utposten, har fått ein ny funksjon som sommarferiestad for resten av landet. Fjellufta og den flotte staden, høgt over ei kløft og ei elv som renn nedover til Jordan, gjer han til ein favoritt på tørre dagar og dei få gardane her er overfylte i juli og august. Metullah er ein sommarstasjon for djerve menn og kvinner i koloniane. Han ligg frå langt unna vegen til å trekkje til seg turistar, men med tida vil staden verte for jødiske innbyggjarar, det mange av dei høgtliggande landsbyane i Libanon er for syrarane på slettene.»[12]

Ulovlege emigrantar passerte gjennom her mellom 1920–1923, då Metullah vart nytta som stoppe stad på veg inn i Palestinamandatet frå Det franske mandatområdet i Syria og Libanon. Straumen av ulovlege emigrantar auka i 1933-1934. Ofte vart emigrantar robba langs vegen. Innbyggjarane i Metula gøymde nykomarar i heimane sine, og heldt falske bryllaupsfeiringar der dei «feirande» vart frakta til midten av landet, langt frå grensa.

Forsvarsstillingar låg lagns begge sider av hovudvegen, og var ein del av forsvarsnettverket til landsbyen under opprøra i 1936-1939. Byggverka vart laga av sement, med rektangulære skår. Stillingane var bemanna av milits og menn frå Metullah, og var i bruk fram til sjølvstendekrigen.[treng kjelde]

Brua over Nahal Ayyun vart bygd av britane i 1943-44. Den 17. juni 1946 (Bru-natta) inntok og øydela dei fire Palmach-bataljonane (eliteeiningar i Haganah) for å hindre fiendtlege styrkar å kome inn i landet. Som følgje av dette fengsla dei britiske soldatane mange Yishuv-leiarar og Palmah-medlemmar, den 29. juni 1946 («Svart Sabbat»). Brua vart sprengd igjen av Palmach under sjølvstendekrigen. Brua vart bygd opp att i 1980-åra.[treng kjelde]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

I dagens Israel er Metula kjend som ein velståande by og ein populær turisstad, særleg for israelske skulebarn på sommarferie.[13]

Under Libanonkrigen i 2006 vart Metula ein spøkjelsesby då folkesetnaden for ei stund flykta unna for å unngå rakettåtaka til Hizbollah. Byen vart råka av 120 rakettar under krigen.[13]

Safari-ulukka skjedde ein sundagsettermiddag, den 10. mars 1984, då ein konvoi med israelske soldatar på sine «Safari»-lastebilar køyrde frå Metula til den libanesiske byen Marjayoun. Då dei var på brua kom ein raud pickup køyrande mot dei. Soldatane gav pickupen signal om å stoppe for å sleppe konvoien forbi. Då den første jeepen og den første safari-lastebilen hadde passert, eksploderte pickupen i ein enorm eksplosjon. Tolv soldatar mista livet og 14 vart skadde.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Metula ligg heilt nord i Israel, 6 km frå den libanesiske grensa, 520 meter over havet.

Vintrane er vanlegvis kalde og våte, med ein årsnedbør på 900 mm, medan somrane er varme og tørre. Elva Nahal Ayoun har kjelda si i Libanon, kring sju kilometer nord for Metula.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2008. Henta 10. oktober 2014. 
  2. 2,0 2,1 Claudine Dauphin (1998). La Palestina byzantine, Peuplement et Populations, Vol. III : Catalogue. BAR International Series 726. Oxford: Archeopress. s. 641. 
  3. J. S. Buckingham (1825). Travels among Arab Tribes inhabiting the countries East of Syria and Palestine ... London: Longman, Hurst, Rees, Orme, Brown and Green. s. 407. 
  4. M. V. Guérin (1880). Description géographique, historique et archéologique de la Palestina. Galilée II. Paris. s. 345–346. 
  5. C. R. Conder ad H. H. Kitchener (1881). The Survey of Western Palestine 1. London: Palestine Exploration Fund. s. 89. 
  6. Benny Morris, Righteous Victims. First Vintage 2001 edition, p55.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Arieh L. Avneri (1984). The Claim of Dispossession. New Brunswick: Transaction Books. s. 96–98. ISBN 0-87855-964-7. 
  8. Morris, Righteous Victims, s.55.
  9. 9,0 9,1 Yosef Gorney (1987). Zionism and the Arabs, 1882-1948: a study of ideology. USA: Oxford University Press. s. 18. ISBN 978-0-19-822721-2. 
  10. Alan Dowty (2001). ««A Question That Outweighs All Others»: Yitzhak Epstein and Zionist Recognition of the Arabs Issue». Israel Studies 6: 34–54. doi:10.1353/is.2001.0003. 
  11. 11,0 11,1 11,2 Gideon Biger (2004). The boundaries of modern Palestina, 1840-1947. Routledge. s. 134. ISBN 978-0-7146-5654-0. 
  12. Norman Bentwich (1919). Palestina of the jødar. London: Kegan Paul, Trench, Trubner & Co. s. 96. 
  13. 13,0 13,1 Calm Returns to Israeli Border Town Two Years After War

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Metula frå Wikivoyage